Skal du på leirskule snart? Gled deg 🙂

Ei godt førebudd leirskuleveke er starten på eit vellykka opphald. Mange spørsmål dukkar gjerne opp før ein reiser. Nedanfor prøver me å gi svar å nokre vanlege spørsmål.

Er det lurt å merke klede og utstyr?
Ja. Me anbefaler å merke det meste med namnelappar. Ski og stavar bør også merkast.

Er det mogleg å låne utstyr?
Få har alt utstyr som står i utstyrslista. Frilager og Bua har mykje godt utstyr til utlån.

Frilager: Dersom kommunen er medlem hos Frilager kan skulen låne utstyr. Skulen må då organisere dette utlånet, og sende liste med kva for utstyr og storleiker som trengst. Dersom eleven lånar sjølve må dei leige utstyret.

Bua: Lånar ut utstyr gratis til barn og unge under 18 år.

Leirskulen har noko klede og utstyr til utlån.

Treng eg skismurning?
Nei, leirskulen har dette.

Kva skal eg ta med?
Pakklista for kva du bør ha med er ulik etter kva tid på året du skal til leirskulen. I foldaren finn du pakkliste og mange tips før du reiser.

English/other versions:

Kontakt med heimen
På leirskulen er det mobilfri veke for elevane. Om nokon må ha kontakt med heimen, finn ein løysingar i nærare avtale med kontaktlærar i forkant.

Kva skulereglar gjeld?
Generelt kan me seie at om ein nyttar god folkeskikk, så følgjer ein også skulereglane på leirskulen. Skulereglane våre finn du i foldaren som det er lenke til lenger oppe på sida.

Lurt å øve på før leirskuleopphaldet:

  • Klokka (me har analoge klokker på veggane)
  • Knyte skolisser
  • Legge på sengetøy
  • Smøre matpakke
  • Overnatte heimanfrå