Gode opplevingar med klassen
Eit opphald på leirskule er ein obligatorisk del av grunnskuleopplæringa til elevane, og forankra i Opplæringslova. For mange elevar er leirskuleveka ei oppleving for livet!
Læreplan (LK20)
All undervisning på Gullingen leirskule har eit tverrfagleg fokus med utgangspunkt i dei naturgitte forutsetningane. På leirskulen vert det lagt til rette for læring og meistring innanfor dei tre tverrfaglege tema som er beskrive i den overordna delen av læreplanen (LK20).
https://leirskole.no/hvorfor-leirskole/nytt-laereplanverk/
Undervisninga på leirskulen er sjølvsagt forankra i gjeldande læreplanar. Følgjande kompetansemål kan dekkjast ved eit opphald på leirskulen:
https://leirskole.no/kunnskapsloftet-fagplandel/
Praktisk førebuing
Før eit leirskuleopphald er det ein del praktiske ting som må ordnast. I Lærarheftet finn du praktisk og pedagogisk informasjon til deg som kontaktlærar.
Vedleggsheftet skal fyllast ut og sendast leirskulen, seinast 2 veker før opphaldet.
- Lærarinformasjon
- Vedleggshefte – innsending til leirskulen
- Idèhefte til oppgåver og prosjekt før og etter leirskule-veka
Powerpoint-mal for presentasjon og informasjon om leirskule-veka på foreldremøte
Last ned ein kopi til din maskin lokalt – gjer justeringar du måtte ønske – og bruk det slik det passar for deg.
Du finn også ei pdf fil av foilane, der du finn utfyllande kommentarar til lysarka.
Informasjonshefte til elevar og føresette til ulike årstider
Del ut heftet til elevar og føresette i god tid før leirskuleopphaldet, gjerne 1-1,5 månad i førevegen.
Sørg for å innhente samtykke-skjemaet og skjemaet med mat-tilpassinger. Desse bør inn til deg som kontaktlærar, 3 veker før opphaldet.
English versions:
