Bestilling og prisar

Velkommen til Gullingen

Om du ynskjer å bestille opphald for din klasse/skule, så ta kontakt med oss på leirskulen!

Det varierer ut i frå sesong og gruppestorleik kor me har ledige veker og plassar.

Pris for kost og losji for leirskule-klassar på Gullingen leirskule (Frå 01.01. 2020):

  • 4 døgers leirskule, normal veke Kr. 2050.-  pr elev (mån – fre)

Ein lærerar/leder får fritt opphald pr. gruppe (20 elevar). Eventuelt fleire vaksne betalar elevpris.

Prisane vert jamleg justert etter normal prisstigning.

Faktura for opphaldsutgifter sendast etter endt opphald frå vertskapet på leirskulen; Gullingen Turistenter

Faktura for undervisning
I tillegg kjem det ein faktura frå Suldal kommune for undervisninga som vert gitt på leirskulen. Frå 01.01.2020 blir det statlege øyremerkte tilskottet innlemma i rammetilskottet til kvar kommune. Dette er ein konsekvens av at det no er ein lovfesta rett til leirskule-opphald for alle barn i Norge. Lovfestinga av retten til leirskule, trådte i kraft 01.08 2019. Undervisningstilskottet frå staten, gitt i ramme-overføringa til kommunane, dekkjer mesteparten av undervisningskostandene på Gullingen leirskule.

Bestillingsrutinar
Generelt bør ein bestilla plass 3 – 6 år før opphaldet dersom ein har ønskjer om konkrete veker.

Kontaktinformasjon:
Adresse: Gullingen leirskule, Blåsjøvegen 57, 4230 SAND
Telefon: 52 79 08 70 (kontortid 08.00-10.00)
E-post: gullingen.leirskule@suldal.kommune.no