Med naturen som læringsarena!
Det er mogleg å reise på Gullingen leirskule heile året. Fleire emne og aktivitetar går igjen i kvar sesong medan andre emne er knytt til årstidene. Her kjem ein kort omtale over innhaldet i dei einskilde sesongane. Me anbefaler og å kikke innom Bilde frå veka: Der finn du aktivitetsbilde frå alle leirskulevekene dei siste åra.
Tilpassa turar
På Gullingen leirskule fokuserer me på erfaringsbasert læring og meistring, meir enn prestasjonar. Me ynskjer å gje opplæring og oppleving i friluftsliv, natur og kultur gjennom ferdsle på vatn, i fjellskog og på fjell til ulike årstider.
Læring for livet
Kompetanse er å kunne tileigne seg og nytte kunnskapar og ferdigheiter til å meistre utfordringar og løyse oppgåver i kjende og ukjende samanhengar og situasjonar. Kompetanse inneber forståing og evne til refleksjon og kritisk tenking.(LK20)
Styrkane til leirskulen er at opphaldet er i fleire døgn og i eit unikt læringsmiljø.
På leirskulen får elevane:
- Prøve å bu heimefrå (for mange fyrste gong)
- Erfaring med å ta ansvar for seg sjølv og andre
- Dele gode måltider, kunnskap om bordskikk og hygiene
- Kommunisere og samarbeide med ukjente barn og vaksne
- Lære sosial kompetanse gjennom bruk av naturen
- Lære om kulturhistorie og får kunnskap om norske friluftstradisjonar
- Lære og oppleve gjennom ulike arbeidsmetodar og handverkstradisjonar
- Prøve, feile og meistre i nye og unike aktivitetar
All undervisning på leirskulen har eit tverrfagleg fokus, og me nyttar kompetansemål etter læreplanen LK20.
Vinterleirskule
På vinterleirskule blir opplegga tilpassa vêr og snømengder. Flotte skiturar, bålbrenning, mørketur med faklar, graving i snøen, orientering, rompebrettrace, isfiske og ikkje minst skileik høyrer med. Den beste måten å bli god på ski er nemleg å leike med ski på beina. Det gjer me i humpeløyper, orgeltramp, portløyper og fleire med.
Førjulsleirskule
På førjulsleirskule driv me det friluftslivet vêr og føre tillet, både i mørke og dagslys. Me går ut og ser korleis plantar og dyr førebur seg til den kalde årstida. Som oftast blir det fotturar. Men kjem snøen, kan me kanskje få sesongens første skitur! I tillegg høyrer julebakst, juleverkstad og kulturhistorie knytt til natur og juletida med.
Haust og vårleirskule
Vår og haust innbyr Gullingen leirskule til opplevingar i fleire naturtypar. Både vatnet, skogen og fjellet skal prøvast. Kano, båt, fiske, orientering, bading, topptur, buldring, bållaging og bekkevandring er noko av det turane innehalde.
Fritid
Fellesskap, leik og moro. Det kan vere nokre stikkord for fritida. Diverse spel, bordtennis og fjelldisco høyrer med. Utandørs har me idrettsbane med flomljos. Om vinteren er ballbanen og bakkane rundt omdanna til ein skileikeplass. Her finn ein bakkar som passar nybyrjaren, og større bakkar som passar den meir røynde. Om ein vil gå litt lenger på ski, kan ei runde eller to i ljosløypa vere freistande.