Leirskulen

Gullingen leirskule ønskjer velkommen til flotte opplevingar og god læring i Suldalsnaturen.

Oppstart  av Gullingen leirskule i haust

Fredag 5. juni gav vår kunnskapsminister Guri Melby klarsignal for at landets leirskular igjen kunne opne. Og frå 15. juni ble 1 meters regelen for barn og under 20 år i samband med leir, skule og camp fjerna.

Føresetnaden er at gjeldande smittevernsveileder for skule følgjast. Nivåinndelinga for smitteverntiltak (trafikklysmodellen) vil legge føringane for opphaldet. Det er nødvendig å planlegge for ulike tiltak etter kva nivå som gjelder; grønt, gult eller rødt.

Me har no tilrettelagt for drift ute og inne i høve gjeldene smittevernsveileder for skulene. Kommuneoverlegen i Suldal har godkjent våre nye rutinar.

Me er klare for nye leirskolelevar frå og med veke 34.

 

 

Me på Gullingen leirskule ønskjer å helse til alle elevar, føresette og skular, som desverre ikkje har fått reise på leirskuleopphaldet sitt allereie, og dei næraste vekene framover.
Me føler med dykk alle, og me arbeider heile vegen med å finne løysingar slik at me snart kan få ta i mot forventningsfulle elevar og lærarar her igjen. 

Vinter- og leirskule-helsing frå oss alle på leirskulen.  

 

 

Sidan 1986 har Gullingen leirskule teke tusenvis av unge med inn i naturen. Gjennom eit enkelt og tradisjonsbunde friluftsliv, har leirskulen utvikla ein skule der oppleving og læring går hand i hand. Me ser og leirskuleveka gir elevane gode rammer for å utvikle sosial kompetanse og evne til samarbeid.

Kor ligg Gullingen

Gullingen leirskule ligg ved Mosvatnet i Suldal kommune. Frå Stavanger tek det snaue 3 timar å koma hit, mens det er noko kortare frå Haugesund. Me ligg 20 km frå kommunesenteret Sand.

Leirskulen ligg 570 m.o.h. i fjellbjørkeskog. Det er kort veg til snaufjellet som strekkjer seg opp til 1144 m.o.h. Med sitt varierte og småkuperte terreng er det godt egna som utfartsområde. Snøforholda  er normalt gode heile vinteren.

Det vel 3 km lange Mosvatnet er mykje nytta til bading, kanopadling, roing og fiske. Det er mykje aure i vatnet.

Bygningar og uteområde

Leirskulen vert driven på Gullingen Turistsenter. Elevane bur på 4 -manns rom. Fleire av romma er tilpassa rullestolbrukarar. Alle rom er modernisert dei siste åra.

Me har òg idrettsbane for ballspel med flomljos. Om vinteren er denne og nærliggjande bakkar lagt til rette for skileik. Ljosløype ligg rett i nærleiken.

Nøkkelinformasjon:

  • Mål: Å vere ein stad for naturglede og læring
  • Undervisning: Bemanna leirskule med fire pedagogar.
  • Tilbod: vår-, haust-, førjuls- og vinterleirskule.
  • Varighet: Måndag til fredag
  • Kapasitet: 60-80 elevar
  • Anbefalt leirskule av Norsk Leirskuleforening