Ølen skule fekk ei flott avslutning på haustleirskulen på Gullingen

Flott haustavslutning på Gullingen
3. november 2022

Ølen skule 8.steg fekk ei fint opphald på Gullingen leirskule med vekslande vær og mykje aktivitet. Sjå meir kva dei har opplevd.
LOGG VEKE 44 ØLEN SKULE

Mandag: Me ankom Gullingen leirskule, og alle var spente. Me møtte nokon veldig hyggelige leirskulelederar som tok oss i mot med opne armar, og viste oss dei flotte romma. Me åt så nistepakken vår, og deretter var det ut på tur i to grupper. Me blei vist rundt i området å lærte om ting rundt oss. Når me kom heim stod middagen og venta på oss. Me fekk servert deilig lapskaus og flatbrød, og god is som dessert. På kvelden var det ein kjekke kar som tok med seg dei som ville på ein mørketur, der dei tente bål og hadde historier om huldra. Me tende og faklar for å lyse opp i skogen for å sjå om me kunne finne huldrene. Så gjekk alle til sengs.

Tirsdag: Alle blei vekka kl 07:10 og gjorde oss klare til frokost. Etter frokost gjekk alle og gjorde oppgåvene som dei hadde fått tildelt. Så var det klart for morgenmøte kl 09:00. Der fekk me informasjon om kva me skulle gjere og kva kler me skulle ha på oss. Alle gjekk opp til rommene sine for å ta på seg kler og pakke sekken, deretter var det rett ut på tur. Me blei delt inn i tre grupper og alle gjekk forskjellige turar. Me fekk lære litt meir om kva me har rundt oss og kva me kan bruke det til. Me satt oss så ned for å lære korleis ein lager eit bål. Me varma skivene på bålet og etterpå fekk me pinnebrød. Me hadde orienterings bingo på veg ned, der ein kunne vinne ein kjekke premie frå kiosken. Me for heim tok oss ein dusj, og hadde masse fritid. Så var det klart for middag. Me fekk servert god taco med masse utvalg. Så var kiosken open, der alle kjøpte seg noko digg. Så satte alle seg i sofaen og såg på tv. Så gjekk alle og la seg uten noko problem.

Onsdag: Siste heile turdagen var kommet. Me hadde god frokost som vanleg. Etter det skjedde alt likt som i går. Me for på tur og begynte dagen med sjøen. Me trakk garn og lærte å sløye fisk. I tillegg satte me opp lavo der me tente bål og grilla den gode fisken. Me gjekk ein liten tur til ein bekk der me bekkevandra som var det alle hadde gleda seg til. Då alle var kalde og våte gjekk me tilbake til leiren og tok oss ein varm dusj. Då var det duka for middag. Me fekk servert kyllinggryte med deilig gele til dessert. Kiosken var open i dag og alle kjøpte seg noko og gjekk ned til fjelldiscoen. Der dansa dei fleste og hadde det kjempekjekt. Då alle hadde dansa seg ferdig var det klart for å legga seg. Det var og ein moglegheit for dei som ville og sove i bålstova.

Torsdag: I dag var dagen me skulle reise. Dei fleste ville være her lenger, så det var mange triste fjes og sjå. Morgonen gjekk som vanleg. På morgonmøte fekk me sjå bilder frå opphaldet vårt her på Gullingen. Så kom bussen kl 11.00 og det var tid for å reise heim igjen.

Det har vert uforglemmelig gøy. Dette er minner for livet. Det er bare å glede seg!

TAKK FOR DET FINE OPPHOLDET VÅRT HER!
Helsing 8.klasse Ølen skule:)