Vinterleirskule med 7. klasse frå Rubbestadneset og Moster skule

Storm og snøfull vinterveke for elevane frå Hillestveit, Sola og Malmheim skule

februar 10, 2023

Strålande leirskuleveke for 7.klasse frå Forsand og Suldal

mars 10, 2023

Storm og snøfull vinterveke for elevane frå Hillestveit, Sola og Malmheim skule

februar 10, 2023

Strålande leirskuleveke for 7.klasse frå Forsand og Suldal

mars 10, 2023

Denne veka har me hatt besøk av 7. klasse ved Rubbestadneset og Moster skule. Det blei eit flott opphold med mange gode snø minner. Under kan du lesa meir om kva dei har gjort og opplevd på vinterleirskule ved Gullingen leirskule.

Rubbestadneset og Moster skule veke 8 2023

Måndag: Me kom til Gullingen klokko ca 11:30. Me fekk tildelt rom, og pakka ut tingene våre. Etterpå hadde me informasjonsmøte. Når klokka var 13.30 gjekk me ut og hadde skileik. Me sto ned bakkane, hoppa i hoppae og leika hauk og due. Når me var ferdig med skileik gjekk me inn og åt me lapskaus til middag. På kvelden slappa me av og jentene sminka gutane i peisaståvo. Klokko 22:00 var det ro.

Tysdag: Me blei vekka ca 07:20, åt frukost og laga nistepakkar. Kvar dag etter frukost hadde me ryddeoppgåver før morgonsamlinga. På morgonsamling lærte me om vær og vind, og korleis me skulle kle oss. Me blei delt inn i fire grupper på tvers av skulane. Etterpå tok me på oss varme klær og pakka sekken til skitur inn Breiastølsdalen. Me lærte oss å laga bål og grilla ostaskjeva til lunsj. Me hadde uteskule i 5 timar. Når me kom tilbake åt me taco til middag. Etter middagen sto me på ski, slappa av og hadde moteshow.

Onsdag: Onsdag så våkna me på samme tid, åt frukost og laga nistepakkar. Etterpå hadde me i morgonsamling der me lærte om dyra her Gullingen. Gruppe 1 og 2 starta med skileik, mens gruppe 3 og 4 hadde truger og bingoorientering. Etter lunsj med bål i Bålstova og grillhuset bytta me aktivitet. Når me kom inn var det middag. Me fekk kjøttkaker og brun saus is til dessert. På kvelden hadde me rumpeakebrett konkuranse i skileiken.

Torsdag: Torsdag våkna og åt frukost. Me gjorde rydde oppgåvene og hadde morgonsamling. På morgonsamlinga hadde me om snøskred og såg filmen Storm og Tinde. I dag fekk me sjølv velge kva tur me ville på. Me fekk valget om 3 turar. Til middag fekk me kyllinggryte og ris og til dessert fekk me verdens beste dessert, nemlig sjokolade mousset. På kvelden såg me Family guy og hadde diskotek.

Fredag: Me åt frokost, pakka ski og tinga våres. Så fekk alle tildelt arbeidsoppgåver. Me rydda ut , sopte og vaska. Klokko 10.00 var det samling i klasserommet. Der fekk me sjå bilder frå veka.

Me har hatt ein fin veka her på Gullingen leirskule, takk for oss!

Helsing 7. klasse frå Rubbestadneset og Moster skule