
Yrande liv i snøen med elevar frå Rennesøy
februar 3, 2023
Vinterleirskule med 7. klasse frå Rubbestadneset og Moster skule
februar 24, 2023
Då er 6. og 7. klasse frå Hillestveit, Sola og Malmheim skule på veg heim frå ei vinterleirskule veka på Gullingen leirskule. Dei har alle hatt ei aktiv veke med mykje skiglede og mestring i varierande vinterver. Sjå og les meir kva dei har opplevd her:
Veke 6 2023
Måndag: Når bussen stoppa og me kom ut, vart det kaldt men fint vær. Me fekk tildelt rom og pakka ut. Etterpå hadde me informasjonsmøte. Etter at me pakka ut skia fekk me teste desse på skileike plassen der me hadde skileik og leker. Etter middagen hadde me rumpebrett konkurranse med leirskulelæraren Jan Erik.
Tysdag: Me blei vekt og alle hadde sove godt. Me åt frukost og laga nistepakke. Etter frukost hadde me morgonsamling, der me lærte om været og korleis me skulle kle oss på leirskulen Me blei delt inn i fira grupper. To av gruppene starta med skileik, mens dei andre hadde trugetur med bingo orintering. Etter bålpausen bytta me aktivitet. Til middag fekk me god taco som Gvido og Rasa hadda laga.
Onsdag: Me sto opp, gjorde ordensoppgavene våre og åt frokost. Etter frukost hadde me morgonsamling med temaet dyra som er på Gullingen. Etter morgonsamlinga fortsatte me i dei same gruppene. Gruppe 1 og 2 gjekk i Lysløypa og gruppe 3 og 4 i Breiastølsdalen. Begge gruppene hadde lavo og skileik. På slutten av dagen kom NRK Rogaland på besøk der to av elevane blei interjuva. Til middag fekk me gode kjøttkaker.
Torsdag: Me åt frukost og hadde morgonsamling. Temaet på morgonsamlinga var farar i vinterfjellet. Etter samlinga kledde me på oss og pakka sekken. Alle gruppene gjekk ski tur og hadde ski leik i snøstorm. Me hadde bål og pinnebrød i bålstova og grilhuset. Til middag hadde me kylling og ris. Etter middag var det kiosk og disco i klasserommet.
Fredag: I dag skal me reisa heim. Me har pakka og gjort arbeidsoppgåver.
Takk for ei kjekk vinterveke på Gullingen Leirskule.
Helsing frå 6. – 7. klasse ved Hillestveit, Sola og Malmheim skule








































