
Vinterleirskule med 7. klasse frå Rubbestadneset og Moster skule
februar 24, 2023
Snøglede, sol og storm for Bokn og Finnøy
mars 17, 2023
7.klassingane i Suldal har denne veka vore samla til leirskuleveke i lag med 7.klassingane på Forsand skule. Det har vore ei flott veke med mykje godt vêr, mykje god aktivitet og meistring, og mange gode og nye vennskap.
Her har nokre av elevane oppsummert veka:
Logg veke 10 Suldalskulane: Vinjar, Sand, Marvik, Jelsa og Erfjord og Forsand skule
Måndag: Suldalskulane ankom Gulingen ca 12. Forsand var den siste skulen som kom. Me fekk utdelt rom, pakka litt ut og så var det ned på informasjonsmøte. På møte fekk vi vite kor dei andre skulane var fra og informasjon om leirskulen. Etter informasjonen gjekk me ut på ski. Me leika hauk og due, gjekk/rant på ski skileiken. Etter skileiken var det middag. På menyen stod det lapskaus med is til dessert. På kvelden hadde me rumpebrett-konkurranse.
Tysdag: Me vakna ca. klokka 7 og gjekk til frukost 07:45. Me åt og smørte matpakke. Etter frukost gjorde med arbeisdoppgåvene og kl 9.00 var det morgonsamling i klassserommet. Me lærte korleis me skulle kle oss og om veret. Etterpå blei me delt inn i grupper på tvers av skulane. Gruppe 1 og gruppe 2 starta i skileiken, mens gruppe 3 og gruppe 4 gjekk på truger og hadde orinteringsbingo. Etter lunsj bytta me. I skileiken hadde me ulike leikar og lærte korleis me skulle bremse og svinge på ski. Til middag åt me taco. Etter middag var kiosken open. På kvelden slappa nokon av, mens andre var ute på ski. Me sovna kl 22:00.
Onsdag: Me stod opp, åt frokost og smørte nista. På morgonsamlinga lærte me om dyra på Gullingen og dyrespor. Etter morgonsamling gjekk me ut på ski. Gruppe 1 og 2 gjekk til løypekrysset i Breiastølsdalen, mens gruppe 3 og 4 gjekk til Langeli. Der laga me bål, grilla ostaskjeva og hadde skileik. Då me kom tilbake tok nokon ein dusj, og så var det middag. Me fekk kjøttkaker med sjokolademousse til dessert. På kvelden spelte me forskjellige spel, slappa av og nokon gjekk på ski.
Torsdag: Me vakna opp til samme tid, åt frukost og laga niste. Etter frukost gjorde me arbeidsoppgåvene våre. På morgonsamlinga hadde me om farar i vinterfjellet, snøskred og førstehjelp. Denne dagen kunne me velge kva tur me ville gå. Turane var: langtur til Skuteheia og Uranuten, mellomtur til Langeli og den tredje turen gjekk til Breiasølsdalen i løypekrysset. Etter turen gjekk folk i dusjen og så var det middag. Middagen var kyllinggryte med ris og friskis til dessert. På kvelden var det kiosk og diskotek. Me gjekk å la oss kl. 22:00
Fredag: Me sto opp og åt frukost. Etter frukost pakka me ski og baggane våre. Etter det hadde alle fått tildelt ryddeoppgåver. Nå har me pakka alt, og me skal snart ha oppsummeringsmøte før bussane kjem å hentar oss.
Takk for ei veldig fin leirskuleveke her på Gullingen!
Helsing 7. klasse Vinjar, Sand, Marvik, Jelsa, Erfjord og Forsand skule




















































