Veke 7-17 Hjelmeland og Goa
februar 17, 2017Veke 10 – 17. Suldal og Figgjo i herleg driv
mars 10, 2017Gullingen leirskule 2017 – Finnøy og Bokn
Me kom til leirskulen på måndag. Denne dagen hadde me skileik og gjekk ein liten tur. Då me kom tilbake hadde me ein god lapskaus til middag. På tysdag gjekk me tur til Breiastølsdalen, der hadde me kjekke leikar på ski og laga eit koseleg bål. Nokre av oss gjekk eit stykke for langt, og enda opp ved Sandstadvatnet, men alle kom seg trygt tilbake. Denne dagen hadde me laks og pasta til middag. På Onsdag var me litt uheldige med været. Me delte oss i to grupper og bytta på å ha skileik og gå med truger. Då me kom tilbake, hadde me ein god kyllingmiddag. På torsdag fekk me velge mellom tre ulike turar. Alle turane var veldig fine og me hadde det kjekt. Den dagen var det ein god komlemiddag som venta på oss. Me har hatt ei kjempekjekk veke, og takkar dei flotte leirskuleledarane for det.
