Veke 10 – 17. Suldal og Figgjo i herleg driv

Veke 8-17 Finnøy og Bokn

februar 24, 2017

Veke 11/17: Lye, Litlabø og Gilje skule

mars 17, 2017

Veke 8-17 Finnøy og Bokn

februar 24, 2017

Veke 11/17: Lye, Litlabø og Gilje skule

mars 17, 2017

Me har hatt ei veke med mangfaldeg vèr, sol, stille, vind og tett snødrev. Elevane har strålt om kapp med solen og brøyt seg gjennom snødrevet. Suldalselevane har også blitt betre kjent med kommande klassekameratar og med elevar frå Figgjo.

Sjå fleire bilder og elevane si eige logg nedanfor.

Logg veke 10 Suldalsskulane og Figgjo skole

Måndag:

På måndag kom det 60 ungar frå skulane i Suldal og Figgjo til leirskulen. Alle elevane blei transportert opp med buss. Alle fann fram til romma sine og pakka ut. Etter ei stund hadde me ei samling i klasserommet der me fekk beskjed/informasjon om været, påkledning og kva me skulle gjere utover dagen. Når me var ferdig med samlinga, så slengde me på oss kleda, fann fram skia og sprang ut i snøen. Det var vind, forholdsvis kaldt, men ikkje noko nedbør.

Tysdag:

Elevane ble delt opp i grupper og sende ut på tur i forskjellige vanskegradar. Litt vind i stigande høgder, men fortsatt sol. Fin turdag. Kiosk på kvelden.

Onsdag:

Denne dagen vart det trugegåing. To og to grupper gjekk i lag og bytta mellom truger og skigåing. Det vart orientering medan me gjekk på truger. Me satt også opp lavvoer i snøen og hadde ei koseleg stund med bål og mat.

Torsdag:

Denne dagen var det tur som stod på planen. Det vart val mellom tre turar etter vanskegrad. Gruppene starta å gå på kvar sine turar. Etter ei stund blei det sett opp skjermar til tak og bålet brann medan me steikte pinnebrød og skiver. Det snødde tett og det vart litt utfordrande føre. Kiosk om kvelden.

Fredag:

Rydding og pakking samt vasking vart det denne dagen. Elevane rydda ut og sprang ned i klasserommet for ei oppsummering av veka. Det var ei super veke og maten kunne ikkje vorte betre.