
Veke 06-17: Vind, kaldt og store smil
februar 10, 2017Veke 8-17 Finnøy og Bokn
februar 24, 20178. klasse frå hjelmeland og Goa har vore på fjellet denne veka. Under kan du lese elevloggen og sjå bilder frå veka.
«Me kom til leirskulen på måndag, og da var me ute å hadde skileik store deler av dagen. Me hadde også rompebrett-mesterskap på måndag. På tysdag gjekk me tur til Breiastølsdalen. Når me kom fram hadde me skileik der. Då hadde me også ein liten skade, det blei kragebeinsbrudd, men det gjekk bra. På onsdag gjekk me langtur der ein kunne velje mellom forskjellige turar. Då var det også Skikarusellen der nokon gjekk løp. På torsdag var det dårlegare ver og me hadde orienterings-bingo på truger og nokon satte opp lavvo og hadde bål. Me hadde skileik da og. Me har hatt ei kjempekjekk veke, og tusen takk til alle som fikk det så bra.»
