Veke 06-17: Vind, kaldt og store smil

Veke 5-17 Pudder og smil

februar 3, 2017

Veke 7-17 Hjelmeland og Goa

februar 17, 2017

Veke 5-17 Pudder og smil

februar 3, 2017

Veke 7-17 Hjelmeland og Goa

februar 17, 2017

Denne veka har 7. klasse frå Hillestveit, Våge, Espevær, Rubbestadneset og Grannes vore på Gullingen leirskule. Dei har smilt like mykje som det har blåst 🙂
Elevlogg og eit utval bilde frå veka finn du under.


Hei!!!

Denne veka har me stått mykje på ski og akt. Alle kosa seg mykje.

Me hadde kjempe flinke kokkar som lagte god mat til oss, og mange flinke lærare som lærte oss  mykje om korleis man skulle laga bål. På bålet brennte me ostasmørbrød og pinnabrød. Me hørte mangen kjekke og spennanest historiar. Me hadde eksamen i korleis man skal tenna eit bål. Me hadde bingo imens me gjekk på truger. Me hadde akekonkuranse og ein elev fra Grannes kom på 1.plass. På siste dagen så fekk me velga skitur. Den fyrsteskituren var lengst og gjekk til Breierstølsdalen. Den andre turen var passlig long og gjekk til småliane. Den treie turen gjekk i lysløypa. Siste kvelden var da disco, me dansa og kosa oss.

Takk for oss!!!