Veke 11/17: Lye, Litlabø og Gilje skule

Veke 10 – 17. Suldal og Figgjo i herleg driv

mars 10, 2017

Veke 12 – 17. International school frå Stavanger

mars 24, 2017

Veke 10 – 17. Suldal og Figgjo i herleg driv

mars 10, 2017

Veke 12 – 17. International school frå Stavanger

mars 24, 2017

Elevlogg for Litlabø, Lye og Gilje skule
Veke 11 i 2017

Mandag 13. klokka 13.00 kom me fram til gullingen, der blei me tatt godt i mot og fekk utlevert rom raskt. Romma var kjempe fine med god plass. God mat fekk me KVAR dag.

Første dagen var det ski leik i bakkane attmed leirskolen. Været har vært så som så, men alle har kost seg likavel.

Onsdag og torsdag gjekk me tur og været var passe bra. På turane steikte me ostesmørbrød på bål. Lye og Litlabø såv i bålhytta ei natt kvar, mens Gilje haldt seg inne.Torsdag var det diskotek alle dansa og hoppa og spretta rundt omkring.

Idag fredag reiser me heim og nesten alle står og griner og klemmer kvarandre for dei kjem til å savne alle dei kjekke folka her. Alt i alt kjekke folk, kjekke lærarar og kjekke aktivitetar. Me kjem til å sakna plassen og alle dei flotte minnene.