Vått og kjølig – men smilande og tøffe elevar frå Stord

Flott opphald i haustfjellet for Leirvik-elevar
september 4, 2020
Aktiv veke på leirskulen med elevar frå Sauda og Vanvik
september 18, 2020

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Trass i at vêrgudane gav oss både vind og regn i store deler av veka, tok elevane frå Rommetveit og Hystd dette på strak arm – og var både smilande og spreke gjennom heile veka.
Så då torsdagen kom, med med opphald og solgløtt, var mange av elevane klare for toppturar – både til Såto, med fiske i vatna bak, og ikkje minst til Gullingen. Berre postive, spreke og blide elevar heile veka. torsdagen blei avslutta med det som alltid er høgdepunktet på hauten og våren – Bekkevandring – med både kulpbading og naturlege vannsklier 🙂 Kort og godt ei perfekt veke.
Me takkar får “lånet” av elevane. Under kan du sjå flotte bilder  og lese elevane sine logger frå veka.

Bekkevandring- Vekas Høgdepunkt

Logg veke 36-20, Rommetveit skule

Måndag kjørte me buss til leirskulen. Dette var veldig spennande. Etter mat gjekk me på tur. Me leika Gullingen gjøymsel. Dei som ville kunne vera med å bada. Til middag åt me lapskaus. Til dessert fekk me sjokolade mosse, det var godt.

Tysdag gjekk me på tur på eit slags fjell. Der var da ein stor og tung stein som veide 6 tonn. Me klarte dessverre ikkje å skubba den ned  bakken. På vegen ned var det nokre som sklei ned ein grasbakke på magen, slik at det blei ein gjørmebakke. Til middag åt me kjøttkaker i brun saus. På kvelden gjekk i kiosken og kjøpte snop. Me overnatta i bålstova.

Onsdag vakna me opp i bålstova. Me padla i kano og rodde i robåt til ei lita øy. På øya satte me opp lavo, og drog opp garn. Me fekk til saman 10 fiskar. Etterpå sløya me fisken og grilla dei på bålet. Til middag åt me taco. Til dessert fekk me Isabella is. På kvelden var det disco og bordtennis, det var kjekt!

Torsdag kunne me velja mellom å gå til Gullingen eller fisketur. På fisketuren fekk me ein fisk. På slutten av begge turane bekkevandra me, med ull og regnklede. Det var vått og kaldt, men super gøy!! Til middag åt me kylling og ris. Me fekk sjokoladekake til dessert, så gjekk me i kiosken.

Fredag vakna me, åt frukost, rydda, vaska og pakka. Eg trur alle synest dette har vert ei super veke med mykje gøy!
Takk for oss!!:)

Logg veke 36-20, Hystad skule

Måndag kom me opp til Gullingen leirskule. Då pakka me ut og gjekk ein liten «bli kjent tur»

Tysdag padla og rodde me til ei øy. Der grilla me toast på bålet. Me trakk og opp fiske garn og fekk masse fisk.

Onsdag gjekk me på ein skogstur, og enda opp i bålstova. Der grilla me toast og pinnebrød. Til slutt hadde orientering.

Torsdag gjekk nokon til eit fiskevatn, mens andre gjekk til Gullingen toppen. Til slutt gjekk begge gruppene på bekkevandring. På kvelden hadde me diskotek.

Fredag rydda og pakka me, så reiste me heim. Takk for oss – det har vore ei superkjekk veke😊