Aktiv veke på leirskulen med elevar frå Sauda og Vanvik

Vått og kjølig – men smilande og tøffe elevar frå Stord
september 11, 2020
Mestring og glede i haustfjellet
september 25, 2020
Vått og kjølig – men smilande og tøffe elevar frå Stord
september 11, 2020
Mestring og glede i haustfjellet
september 25, 2020

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Inn i tåkehavet på måndag kom ein ivrig, aktiv og sprek elevgjeng ut av bussane. Denne veke var 7.trinn frå alle skulane i Sauda (Risvoll, Fløgstad og Austarheim) ilag med elevar frå Vanvik skule på leirskulen. Tåka letta og det fine verêt vart krona med strålande haustsol.  Kalddusjen tok dei i fossen og bekken.

 

Elevlogg for Risvoll, Fløgstad, Austarheim og Vanvik skular.

Veke 38-20

(Elevane samarbeida ute, men innndørs var dei delt i to grupper. Loggen er samla frå to elevloggar)

Måndag:

På måndag kom alle saudaelevane og elevane frå Vanvik til Gullingen. Me køyrde med buss. Dette var veldig spennande.  Me gjekk på ein bli kjent tur, leika Gullingen-gøymsel og kunne bade i Mosvatnet. Til middag hadde me lapskaus, og til dessert hadde me sjokolademousse. Me bada, fiska og koste oss etter turen. Me satt rundt bålet og fortalte skrekkhistorier til kvarandre. Så kom me tilbake og spelte litt spel, etter det la me oss.

Tysdag:

På tysdag blei me delt inn i 4 grupper. Gruppe 1 og 2 var på vatnet og padla kano og rodde i robåt. Gruppe 3 og 4 var i skogen. Der lærte me ganske mye nytt! Torvmosen for eksempel er naturens Antibac, den kan reinse alt. Me lærte også om dei forskjellige bæra. og lagde bål, buldra, balanserte på eit tre, prøvde å dytte ein stein på 6 tonn og hadde bingo orientering. Til middag hadde me taco og kiosk. Seinare hadde me bingo på kvelden.

Onsdag:

På onsdag var dei gruppene som var på vatnet på tysdag i skogen. Då var det deira tur til å klatra, grilla pinnebrød og osteskiver. Dei teikna med kull i ansiktet. Dei som var i skogen dagen før var på vatnet. Dei på vatnet padla og rodde. Gruppa som rodde robåt til ei øya fekk 8 fisk i garna, mens gruppe som padla kano til ein plass der dei skulle trekke garn, fekk 17 fisk. Me hadde fisk og osteskive på bålet. Til middag hadde me kylling og ris og til dessert hadde me sjokoladekake. Der var disko. Etterpå spelte me spel og snakka.

Torsdag:

På torsdag kunne me velgje mellom 4 turar. Ein rusletur. Dei gjekk rundt omkring i området og grilla og koste seg. Tur 2 gjekk til Såta, og blei fortalt historier frå før i tida. Dei grilla og såg den fine utsikten. Tur 3 var på fisketur. Dei gjekk til eit stort fjellvatn, og fekk 2 fisk men mange napp. Tur 4 var den lengste og mest krevjande turen, me gjekk til tre toppar. Etter turen «dusja» me i fossen og bekkevandra i iskaldt fjellvatn. Til middag hadde me kjøttkaker i brun saus, me gjekk i kiosken og kjøpte snop. På kvelden hadde me filmkveld, og me såg YES-man.

Fredag:

Det er i dag me skriv dette. Me har pakka alt og spist frukost. Dei fleste hadde forskjellige oppgåver: vaska do, vaske tørkerommet og mykje forskjellige oppgåver, før me reiser heim kl.: 11. Me kommer alle til å savne Gullingen. Det har vore veldig gøy her. Me trur alle synets det har vore ei super veke. Takk for oss.