
Snøglede, sol og storm for Bokn og Finnøy
mars 17, 2023
Påskestemning for Figgjo og Håland skule
mars 31, 2023
Ein heilt utruleg flott gjeng frå Bømloskulane Svortland, Gilje og Våge velta ut av biussane på måndags føremiddag. Og dei har storkost seg på ski frå første stund. Og sjølv om det etter kvart blei heller mykje regnvêr i 3 samfulle dagar, så tok elevane dette på strak arm og med stort sett smil om munnen. På torsdag var det ei jente som uttalte følgjande på 3. dagen med regnvër og ski; «Detta e knallkjekt :-)» Og ho meinte det!
På oppsummeringa hadde alle elevane lært mykje om å kle seg etter forholda, der dei gode gamle ordtaka: «Ull er ikke Tull», og Det finst ikkje dårleg vêr, – Berre dårlege klêr» stadig er gjeldande.
Under finn du elevane sin eigen logg frå veka, og mange bilder frå veka som gjekk 🙂
Logg veke 12/23
Gilje, Våge og Svortland skular, 7. trinn
Måndag:
På måndag kom me til leirskulen, og me pakka ut tinga våras. Omlag kl. 13:00 gjekk me til klasserommet, der dei snakka om reglar og opplegget på leirskulen. Etterpå sto me på ski i skileikeplassen. Te middag hadde me lapskaus, te dessert fekk me Friskis. Etterpå hadde me rumpeakebrett-konkurranse og vinnarane fekk slikkepinn. Det var kjekt!
Tysdag:
Me møtte opp i klasserommet kl. 09:00 etter ein god frukost. Me snakka om kva me skal ha på oss ute. Etterpå blei me delt inn i 3 grupper og gjekk på forskjellige skiturar. Svortland skule fekk tilbod om å sova i Bålstova. Te middag fekk me kjøttkaker i brun saus med potet, og te dessert fekk me Isabella is. Etter det gjekk me i kiosken kl. 17:10 til 18:15. På kvelden var mange ute på ski igjen!
Onsdag:
Me møtte opp i klasserommet igjen kl 09:00, og der hadde me presentasjon om dyra i fjellet. Ute gjekk me på truger, mens me hadde orientering og bingo. Me hadde også meir skileik, og litt om bremsing på ski. Til middag hadde me kyllinggryta med ris og grønsaker. Til dessert fekk me gele med vanilje saus. På kvelden fekk me sjå på filmen Madagaskar. Gilje fekk tilbod om å sove i Bålstova.
Torsdag:
Møta i klasserommet kl 09:00 me såg på presentasjon om skredfare og farar op isen. Me gjekk på 2 forskjellige turar. Til middag hadde me taco. Kiosken var open igjen kl. 17:10 til 18:15. Etter kvelds hadde me diskotek og de andre fekk sjå på «Side om side» og sminka lærarar. Våge fekk tilbod om å sove i bålstova.
Fredag:
Me rydda og vaska og pakka sakene våras. På avslutningstimen såg me bilde frå veka, og fortalte om kva me hadde lært. Kl 11:00 så reiste me heim igjen. Takk for ei kjekke veka i lag.
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA


















































