Påskestemning for Figgjo og Håland skule

Tøffe Bømlingar på ski i mykje vêr

mars 24, 2023

Vindfull og smilane elevar frå Sørhåland og Grannes skole

april 14, 2023

Tøffe Bømlingar på ski i mykje vêr

mars 24, 2023

Vindfull og smilane elevar frå Sørhåland og Grannes skole

april 14, 2023

Figgjo og Håland skule har kosa seg ein heil haug på leirskulen med masse skileik, truger,isfiske, lange og korte skiturar. Sjå meir av bilder og tekst av veka:

Logg veke 13 – 2023, Håland og Figgjo skule

Måndag:  På måndag kom me fram til Gullingen leirskule. Deretter sto me på ski og hadde skileikar.Seinare gikk me ein liten tur i lysløypa. Etterpå hadde me middag, på menyen var det l lapskaus med flatbrød og friskis til dessert. Ca klokka 18:00 hadde me rumpeakebrettkonkuranse. Det var kjempe kjekt og vinnarane fekk slikkepinnar. Etter det gjekk me for å spise kveldsmat i matsalen. Seinare var det fritid og nokon gjekk på ski utanfor leirskulen. Så la vi oss klokka 22:00 etter ein kjekk dag.

Tysdag: Vi starta dagen med å et frukost i matsalen. Etterpå var det undervisning, me lærte om vær og vind. Vi blei delt inn i grupper 1-4. Gruppe 1 og 2 starta med skileik, mens gruppe 3 og 4 starta med truger. Seinare bytta me og alle fekk prøve alt. På truger hadde vi bingoorientering og kappløp, og vinnaren fekk slikkepinne. Etter det var det taco til middag. Klokka 18:00 til 18:20 var dei kiosk. Seinare var det frileik til dei som ville, og nokon gjekk og hoppa på ski. Vi slutta dagen med kveldsmat i matsalen og la oss.

Onsdag: Da vi vakna åt vi frukost og pakka matpakke til tur. Etter det gjekk vi på undervisning og lærte om økosystemet, dyr og dyrespor i Suldal. Cirka ein time etterpå starta me å gå på tur. Vi sklei ned bakkar og vi gjekk opp bakker. Mange såg dyrespor i snøen. Vi hadde to matpausar. Etter me hadde tent bål fortsette me turen. Då vi kom heim åt me kjøttbollar med brun saus og sjokolademoussè med vaniljesaus til dessert. Nokon gjekk i skibakken. Etter ei lita stund var det kveldsmat og vi hadde underhaldning.

Torsdag: I dag var ikkje været like bra, men alle gjekk ein tur. Nokon kryssa Mosvatnet og nokon som gjekk tur til Mosvatnet. Vi sette opp lavvo og åt mat inni der. Vi grov med  spade inne i lavvoen og lagde ein sittebenk. Nokon prøvde isfisking. Når vi kom heim åt vi kyllinggryte med ris og grønsaker. Det var Isabella-is til dessert. Litt seinare begynte nokon å pakke. Me slutta dagen med kveldsmat og underhaldning.

Fredag: Fredag fekk vi ekstra informasjon med frokosten og ekstra reingjerings- og rydaoppgåver. Så pakket vi alle tinga våre og la di ned på parkeringsplassen. I klasserommet ventar nå siste time og bildeframvising. Etterpå er det å pakke i bussen og køyre heim.