
Strålande leirskuleveke for 7.klasse frå Forsand og Suldal
mars 10, 2023
Tøffe Bømlingar på ski i mykje vêr
mars 24, 2023
Ei flott og variert veke er over her på Gullingen leirskule. Variasjonen kom i vêret. Då elevane kom på måndags føremiddag snødde det kraftig, og me fekk rundt 25 cm snø i løpet av dagen her oppe. Tysdag og onsdag var det minusgrader, nesten vindstille, pudder og strålande sol. Og så kom torsdagen, der YR.NO meldte om orkan i kaste utover dagen…. Der bomma nok YR godt. Historikken syner at middelvinden knapt kom opp i liten kuling, og dei kraftiaste kasta var på opp mot sterk kuling. Elevane frå øyane i ytre Ryfylke har smilt og strålt i kapp med sola og snøen, og dei var nesten litt skuffa over kor lite det blåste, sjølv om det kom nokre gode kast innimellom denne torsdagen. Mykje god læring i det å kle seg i ei slik veke. Alt frå solkrem og solbriller som viktigaste elementer, til full vinterutrustning og pausegenseren på frå første stund på torsdagen.
Me takar for «lånet» av elevane, og oppfordrar til meir skigoåing i påska.
Under finn du elevane sin eigen historie frå veka, og mange flotte bilder.
Finnøy og Bokn skule veke 11 – 23, 6. – 8. klasse
Måndag: Me kom fram ca. 11:00 og blei tildelt romma, og pakka ut. Etterpå hadde me samling der me fekk informasjon, og så gjekk me ut i skileiken. Me hadde skileik i bakkane, hoppa, og hadde hauk og due, og stiv heks. Det snødde ganske mykje denne dagen. Da me kom inn igjen, var det lapskaus til middag. Så hadde me litt fritid, før det var rumpebrett-konkurranse. På kvelden hadde me det sosialt og kjekt, før me la oss 22:00.
Tysdag: Me bli vekka klokka 07:00. Klokka 07:45 åt me frukost og smurde niste. Me hadde morgonsamling med temaet veret og korleis me kler oss i når me er på fjellet. Etterpå vart me delt inn i 4 grupper. To av gruppene starte på truger og hadde bingo-orientering. Dei to andre gruppene hadde skileik og skiteknikk. Etter bål lunsjen bytta me aktivitet. Til middag hadde me taco. Etter middag var det kiosk og fritid.
Onsdag: Me stod opp klokka sju, åt frukost og smurde niste. Etter frukost, var det morgon samling der me lærte om dyra på Gullingen. Etter morgonsamling gjekk alle gruppene inn Breiastøldalen. Gruppe 1 og 2 gjekk til Løypekrysset, og gruppe 3 og 4 gjekk til Solsiå. Me hadde bålpause og skileik med hopp, orgeltramp, slalåmløype og portløype i strålande sol. Då me kom heim hadde me kjøttkaker til middag og fritid.
Torsdag: Me blei vekka klokka syv, spiste frukost og smurde niste. På morgonsamlinga hadde me om farar i vinterfjellet og førstehjelp. Etterpå var det ute-skule. Det var mykje snø og vind, så me fekk velgje mellom tre turar. Turane var: Lang tur, mellomtur og kort tur. Den lengste turen gjekk i lysløypa ned til Leirdal og på Mosvatnet. Mellomturen og kort tur gjekk i lysløypa. Etter bål lunsjen hadde me skileik og isfiske. Det var veldig mykje vind og snø den dagen. Då me kom tilbake, åt me kyllinggryte og ris til middag. På kvelden hadde me kiosk og disko i klasserommet.
Fredag: Me sto opp, åt frukost, lagde niste og tildelt pakke og rydde oppgåver. Nå skal me i klasserommet å ha oppsummeringsmøte. Finnøygjengen skal reise 10.20, og Bokn skal reise klokka 11.00.
Takk for oss, det har vore kjekke dagar på Gullingen leirskule!
Helsing
6.- 7. klasse, Bokn skule, og
8. klasse, Finnøy skule















































