Supre Sauda-elevar i Suldalsfjella

Ein flott gjeng med 7. klassingar frå Sauda har akkurat reist frå oss her på leirskulen. Dei har vore aktive og klart seg kjempebra i ei veke der snøen igjen la seg på toppane rundt Mosvatnet. Me takkar for “lånet” av elevane og ønskjer alle ein god haustferie.

Under finn du fleire bilder frå veka, og elevane sin eigen logg.

Logg veke 40-19. Austarheim, Risvoll og Fløgstad skule, 7. trinn

Mandag: Me kom fram ca. 10.15. Me pakka først ut av tinga våre, og så fekk me sjå oss rundt i fløyen. Me hadde møte med leirskolelederane. Etterpå fekk me tilbudet om å dra på badetur eller topptur. Då me kom heim, fekk me middag. Til middag fekk me lapskaus og flatbrød. Til dessert fekk me sjokolademousse og vaniljesaus. Etter middag fekk me styre på litt sjølv, og seinare på kvelden fekk me tilbudet om å dra ned på stranda for å fiske. Nede på stranda slo me opp lavvu og tente bål, siden me skulle ha solbærtoddy. Ein uheldig gutt tok fyr på ein kopp og brant nesten ned lavvuen. Etter det gjekk me heim og la oss.

Tysdag: Då me hadde stått opp og kledd oss, gjekk me til frokost. Etter det gjekk me på morgonmøte, og me blei delt inn i fire forskjellige grupper. Gruppe 1 og 2 skulle ned og ro i robåt og padle i kano. Gruppe 3 og 4 gjekk på tur i skogen. Gruppe 1 og 2 måtte trekkje garn og knekkje nakken på fisken som levde enda. Då me hadde rodd inn til ei strand, tente me bål og sløyde fisk. Me fekk ete fisken etterpå, og fsiken smakte kjempgodt. Me hadde nemleg fiska ørret. Då me kom tilbake var det middag. Då fekk me taco, sjølv om mange trudde det var fisk til middag. Etter middag åpna kiosken og A-fløyen fekk gå først. Så fekk B- fløyen gå, og så C- fløyen. Etter me hadde spist kveldsmat, gjekk nesten alle i C- fløyen opp til Bålstova og sov der.

Onsdag: På onsdag bytta gruppene økosystem, og då var gruppe 1 og 2 i skogen, og 3 og 4 var på vatnet. I skogen hadde me konkurranser heile dagen. Me grilla pinnebrød og osteskive. Etter at me hadde slukka bålet, teikna me kvarandre i fjeset med kull. På vegen heim hadde me orienterings-bingo. Nokon på gruppe 3 eller 4 var veldig uheldige og datt ut av kanoen. Til middag hadde me laks og så fekk me gele. Etter mat så gjekk me til stuene våre og slappa av og spiste godteri. Så gjekk den dagen forbi.

Torsdag: Me fekk velge om me ville gå på to-toppstur, ein-toppstur, fisketur eller stølsrunde. Lærarane hadde aldri hatt ein så skeiv fordeling fordi dei fleste ville gå på stølsrunde. To-toppstur, ein-toppstur og fisketur fekk lov å teste regntøyet i ein foss, men det kunne ikkje dei på stølsrunde. Alle turane ende med bekkevandring. Dei på fisketur fekk desverre ikkje fisk, men dei på to-toppstur fanga fisk med henda. (Olav og Jan Erik). Olav fant også ei flaske og la fisken i flaska og gjekk tilbake til leirskulen med fisken. Alle synes nok det var gøy å bade i bekken. På kvelden hadde me disco. Det var veldig kjekt. Nokon ( Isak) dansa meir enn nokon. Dei fleste guttane hadde veldig mykje energi. Ein gut hadde så mye energi at han gulpa. Nokon av gutane og jentene fekk dei vaksne til å danse floss og heip. Dei fleste koste seg veldig mykje den kvelden.

Fredag: På fredag skulle me reise heim og alle var lei seg fordi dei ikkje ville reise. Mens alle prøvde å ha det gøy med dei andre, sitter me her å skriver logg (Elida, Ella og Vanessa). Alle har blitt litt bedre kjent, og er meir klar for ungdomsskulen. Så no er denne loggen ferdig og me sit å venter på at bussen skal kome klokka 11.00.

Takk for oss.