Superveke med Hjelmeland skule 8. kl

Strålande vinterveke med Moster skule
februar 12, 2021
Kjekk veke på leirskulen med Goa skole, 8.trinn.
februar 19, 2021

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hjelmeland skule, 8. kl har hatt ei knallflott leirskuleveke med flotte turar og stor skiglede. Sjå meir her kva dei har opplevd:

Logg veke 7-21. Hjelmeland skule 8. kl

Måndag: På Måndag kom me til Gullingen leirskule. Alle fekk pakka ut, så var det rett opp til skileiken. Der kosa me oss med hopp og leikar. Det var mykje snø og alle fekk prøva seg med skia på. Me delte oss in i to grupper og gjekk opp i laussnøen. Me fekk oss nokon gode måltider og på slutten av dagen hadde me akekonkurranse der Endre vant.
Tysdag: på tysdag lærte me meir om været og korleis me skulle pakke tursekken vår. Me fekk på oss truger og med oss kart også hadde me orientering i skogen rundt leirskulen. Etterpå gjekk me ned i lysløypa og fant oss ein lun plass der me lærte å lage ein god sitteplass og bål. Alle fekk på skia å så blei der laging av hopp, læring av teknikk og kjekke konkuranser.
Onsdag: på onsdag lærte me meir om dyrelivet og fekk sjå bileter frå nærområdet. Me splitta os i to grupper og gjekk tur i stiv kuling innover Breiastølsdalen og i nærområdet. Me laga hopp og leirplass og koste oss veldig. Me rente tilbake til leirskulen og ein spiste veldig god middag. Mange var ute i skileiken om kvelden og laga hopp og rant på akebrett.
Torsdag: på Torsdag var det melt sterk vind så me holdt oss i på dei lunde plassene. Me splitta oss igjen i to grupper og gjekk ein tur med og over Mosvatenet. Denne dagen var det stor skredfare, dette fekk me lære om. Me fekk også lov å prøva å utløse nokon små skred. Begge gruppene fant seg gode leirplasser og fekk grilla både ostesmørbrød og pinnebrød.
Fredag: etter frukost pakka me og rydda reint etter oss. Me fekk diplomer og fekk se bilder av alt me hadde opplevd. Denne veka har vore ei oppleving ingen av oss kjem til å gløyme. Tusen takk for dei gode måltidene, dei flotte lærerane og ikkje minst ei flott veke her på gullingen leirskule.