Strålande vinterveke med Moster skule

Super-Veke med Grannes-elevane
februar 11, 2021
Superveke med Hjelmeland skule 8. kl
februar 19, 2021

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Elevane på Moster skule, 7.trinn har vore på Gullingen leirskule denne veka.  Her er det elevane har skrive i elevloggen frå veka på leirskulen:

Logg for veke 6- 21

Moster skule, 7. trinn

Måndag:

På måndag kom me fram, så pakka me ut og stod på ski. Me åt lapskaus klokka 16:00 og til dessert åt me sjokolademousse. Etter middagen leika me «hauk og due» og «stiv heks» med ski på beina. Litt etterpå hadde me akekonkurranse. Det var veldig gøy. Det var veldig mange kjekke bakkar i skileiken som me kunne aka og stå på ski i. På kveldstid kunne me velgje å gå i ei lysløype på ski. Det var mange som syns den var gøy. Inne på leirskulen er det ein peisestove der me kunne spele brettspel og kort.

Tysdag:

7:40 åt me frukost. Kvar morgon kl 9 har me morgonsamling, der me får nyttig info om dagen. I dag fekk me prøve å gå på truger når me hadde uteskule. Me hadde orienteringsbingo som me måtte finne poster til mens me gjekk på truger. Til middag åt me taco og etterpå var det kiosk. Det var mange glade for. Etter middag kunne me slappe av eller gå på ski til det var kveldsmat.

Onsdag:

På onsdag gjekk me på ein tur som var veldig gøy. Me delte oss inn i to grupper som gjekk to forskjellige turar, men i den lange pausen møttes me. Der me hadde pause var det veldig mange kjekke bakkar å stå på ski i. Då me kom heim frå turen var det kjøttkaker til middag og pinne-is til dessert. Etter middag kunne me gjere kva me ville til det var kveldsmat. Nokon valte å gå i ei litt lengre lysløype som dei syns var veldig kjekk.

Torsdag:

På torsdag var det ein veldig gøy tur. Me kunne velgje tur sjølv denne gangen. Det var 13 stk. på den eine gruppa og 23 på den andre. På den gruppa der det var 13 stk. gjekk me mykje på ski i laussnø. Det var veldig lange og bratte oppoverbakkar, så me måtte nesten klatre med ski. Det var veldig slitsomt. På veg ned igjen var det veldig gøy fordi me køyrte i laussnøen. Det var veldig morosamt fordi nesten alle datt. Me gjekk på ski over eit vatn som var frose. Vatnet heiter Mosvatnet. Til middag var det kyllinggryte med ris, poteter og grønsaker. Me hadde gelé til dessert. Etter middagen var det kiosk. På kvelden var det diskotek, men mange valte å sjå på film istadenfor. Me såg «Kung Fu Panda». På diskoteket var det musikk som klassen hadde bestemt sjølv.

I dag skal me reise heim. Då det var frukost lagde alle niste til bussen. Me reiser ca kl 10:30. I dag har alle pakka og fått ulike arbeidsoppgåver som me må gjere før me reiser heim.