
Flotte dagar på leirskule for elevane frå Leirvik
september 9, 2022
Flott veke i haustfjellet med Sauda-elevar
september 23, 2022
I denne veka har me hatt gleda av å ta med 7. klassingane frå Hystad og Rommetveit skular ut på tur. Og dei har stokost seg, trass i at hausten gjorde sitt inntog i denne veka. Det blei både regn, god vind frå vest og merkbart kjøligare… Haustfargene er også byrja å kome fram for alvor her i lågfjellet under Gullingen.
Me takkar for «lånet» av flotte elevar, og ønskjer dei alle ei god helg. Tipset vårt for helga blir – dra meir på tur!
Under finn du elevane sin eigen logg for veka og mange flotte bilde.
Logg veke 37-22, Hystad og Rommetveit skular, 7. trinn
Måndag: Me møtte opp på bussplassen på Stord klokka 09:30. Me pakka inn i bussen og begynte og køyra. Bussturen gikk fint, og me var framme ca klokka 12:00. Då me kom fram til Gullingen, blei me delt inn i fløyer og fekk pakka ut. Etterpå gjekk me på ein kort bli kjent tur i nærområdet, der me på slutten fekk lov til å bada. Til middag fekk me lapskaus med pinne is til dessert.
Tysdag: Tysdagen starta med morgonbad for dei som ville, før frukost. Etter frukost var det morgonmøte i klasserommet. Der fekk me lært korleis me skal kle oss til tur, og me blei delt inn i grupper. Ei av gruppene padla kano, ei anna rodde robåtar og resten var i skogen. På vatnet fekk me dra garn, mens i skogen grilla me pinnebrød og toast. Til middag var det taco, men ingen dessert, men det gjekk fint fordi kiosken opna rett etterpå.
Onsdag: Dei som ville kunne morgonbada på onsdag, og det var heile 10 elevar som bada!
Så møttest me i klasserommet og fekk veta at dei som var i vatnet skulle i skogen, mens dei som var i skogen på tysdag skulle i vatnet. Til middag på onsdag var det kjøttkaker i brun saus med grønsaker til, det var også pinne-is til dessert.
Torsdag: På torsdag var det også morgonbad, der 8 elevar var med. Etter det kunne ein velje mellom tre turar. Den eine var ein to-toppstur, den andre var ein fjell-fisketur og til sist ein litt kortare ein-toppstur. Alle turane var kjempekule, og til slutt kom vekas høydepunkt – Bekkevandring – Kjempekjekt!
Til middag var det kyllinggryte med bringebærgele og vaniljesaus til dessert.
Alle dagane bortsett frå fredag vart det fisketur på kvelden.
Fredag: På fredag var siste morgonbadet, der det bare var fire stykker som bada.
Så starta den store pakkedagen. Nokon vaska rom og gongar, nokon vaska badet, nokon plukka boss, nokon vaska tørkerommet og nokon (oss) skreiv logg.
Me har hatt ei Super-veke – Takk for oss!
Helsing Hystad og Rommetveit skule.

































































