Flott veke i haustfjellet med Sauda-elevar

Super-veke med Stord-elevar !
september 16, 2022
Superveke på leirskulen med elevar frå Langeland
september 30, 2022
Super-veke med Stord-elevar !
september 16, 2022
Superveke på leirskulen med elevar frå Langeland
september 30, 2022

Her kan du lese om kva elevane frå Sauda-skulene har opplevd denne veka:

Måndag: På måndag kom me til Gullingen. Då me kom viste dei oss inn på fløyene. Det blei samling etterpå. Der snakka dei om Gullingen og kva me skulle gjere dei neste dagane. Etter samlinga gjekk med for å bytte til turklede. Me møttest på fotballbanen der me blei delt i 2 grupper. På turen gjekk med opp til Bålstova. Der leikte me gullingleiken. Me gjekk i skogen og ned til vatnet. Alle som ville kunne bade. Etterpå gjekk med opp igjen til Gullingen. Me byttet til andre klede og gjekk for å ete middag. Til middag hadde me lapskaus. Me hadde mykje fritid der me leikte og gjorde masse gøy.

 Tysdag: På tysdag blei me delt inn i 4 grupper. To av gruppene gjekk på tur i skogen. Og dei to andre gruppene var på vatnet og rodde i kano og i robåt. Dei som var på vatnet trakk garn og sløya fisk. Alle som ville kunne smake på fisken og rogna. Då me kom tilbake skulle dei som hadde kjøkkenteneste gå i matsalen. Det blei taco til middag. Risvoll fekk tilbodet om å sove ute i bålstova.

 Onsdag: På onsdag gjorde me det same som i går, berre at me bytta. Dei som hadde vore i skogen bytta med dei som var på vatnet. Me lærte korleis me lagde kolstiftar og bål. På slutten av turen hadde me orienterings-bingo. Dei som vant fekk ein eller fleire slikkepinnar. Til middag blei det kjøtkaker i brun saus. Til kveldsmat var det skjevemat som dei andre dagane. Det var Fløgstad som fekk tilbodet om å sove i bålstova denne natta.

 Torsdag: På torsdag kunne me velgje kva tur me ville på. Du kunne gå opp på ein topp og fiska og dei andre gjekk opp på ein topp og lagde bål og poppa popcorn. Det var berre ein som fekk fisk. Det var skuffande. På slutten av turane møttest alle i bekken. Så gjekk me oppover i bekken og elvevandra. Det var supergøy, men kaldt. Når me kom tilbake var det mange som dusja for å få i seg varmen. Til middag hadde me kyllingryte. Mange synest at det var veldig godt. Etter middag var det kiosk for alle. Alle skulane såg film i fellestuene. I dag så var det Austarheim som fekk tilbodet om å sove i bålstova.

Fredag: I dag skal me reise heim. Me har måtte pakke, rydde og skrive denne loggen. Me skal ha ein siste morgonsamling før me reiser. Det har vore supergøy å vere på Gullingen. Og me er glade for alt me har fått oppleve her på Gullingen. Takk for oss.