Flotte dagar på leirskule for elevane frå Leirvik

Gode dagar til fjells med Stangeland
september 2, 2022
Super-veke med Stord-elevar !
september 16, 2022
Gode dagar til fjells med Stangeland
september 2, 2022
Super-veke med Stord-elevar !
september 16, 2022

Då er 7.klasse frå Leirvik skule på veg heim etter ei flott veke på Gullingen leirskule. Sol, gode temperaturar og vind, siste dagen, danna ramma rundt veka . Dei fekk utfalda seg på tur både på Mosvatnet med robåt og kano, og på turar i fjellskogen og høgare oppe på fjellet. Les meir i elevloggen og sjå foto frå leirskuleveka:

Veke 36 2022 Leirvik skule

Måndag:

På måndag så starta dagen med å pakke ut, og å bli kjend med dei forskjellige områdene og lærarane, så då gjekk me ein liten tur for å sjå litt på naturen rundt Gullingen. Me spiste pølselapskaus før me da hadde litt fritid før kveldsmat som er kl.19.45. Da me fekk god tid til å sjå oss rundt på heile plassen som me skulle tilbringe 5 dagar på.

Tysdag:

På tysdag så blei me vekka i 7-tida for det var frokost kl 07:45. Etter det så hadde me morgonmøte der dei snakka om kva me skulle gå igjennom i løpet av dagen, og etter det blei me delt opp i fire grupper. To av dei skulle vera på vatnet denne dagen,  og dei to andre i fjellskogen. Me lærte oss kordan ein sløyer fisk og om ulike plantearter. Då me kom heim til leirskulen hadde me taco til middag. Etter middag var det kiosk.

Onsdag:

På onsdagen så gjekk dei som hadde vert på vatnet dagen før opp i fjellet og dei som var på fjellet dagen før, var på vatnet slik at alle kunne lære det same. Så kom me tilbake i fire tida og spiste me ein god kjøttkakemiddag.

Torsdag:

I dag fekk me velga mellom 4 forskjellige turar: me fekk velga mellom to- toppstur, ein-toppstur, fisketur og ein roleg tur. Alle turane grilla, og bekkevandra til slutt. Me hadde kylling og ris til middag. Etter middag hadde me kiosk der me kunner kjøpe godteri og brus, kl kvart på ni var det diskotek med alle på leirskulen med koseleg musikk og tull.

Fredag: 

Da var det avreisedag med mykje pakking og vasking av elevar. Siste møte er kl.10 der me skal visa bilde og dela ut diplom og forskjellige ting. Vinnaren av ryddigast rom blei kåra: eit rom frå kvar fløy.