Super-veke med Skjold og Ølen skular

Mestring og glede i haustfjellet
september 25, 2020
Flott haustveka for Stangeland skule
oktober 16, 2020

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På måndag velta det ut to flotte grupper med 8. klassingar frå Skjold og Ølen skular i Vindafjord. Dei var med på alt me leirskulelærarar fann på med dei gjennom veka, og alle strålte med smil og latter ute i den flotte naturen under Gullingen.

På torsdag fekk dei også vist oss at dei hade lært ein masse.

Ha ein god haustferie! Vårt tips – Ta turen ut i haustferien – lag bål og kos dykk ute 🙂

Under finn du elevane sine eigne logger, og finn mange bilde frå begge skulane.

Bilder og logg frå Skjold skule, 8. trinn:

Mandag: Me fekk ein heilt ny buss fra Knapphus buss til å kjøre oss til leirskulen. Då me var nokon få minutter vekke fra  leirskulen, spydde den eine etter den andre. Då me hadde pakka ut, gjekk me ein tur og blei kjent med plassen. Etter turen bada me, det var kaldt. På kvelden hadde me underholdning og så la me oss.

Tirsdag: Me begynte dagen med å eta frukost, så blei me delt inn i grupper. Ei gruppa skulle padle heile dagen, og dei to andre gruppene skulle bytte på å ro og padle. Ingen datt i vatnen, uheldigvis:) Me fiska og sløyde den, nokon haldt på å spy, men me koste oss på tur. På kvelden var det disco, og så gjekk me å la oss. Ein del la seg i bålstova.

Onsdagen: (Det var få som fortsatt låg i bålstova.) Då me våkna fekk me beskjed at me måtte velge ein tur å gå på. Me fekk velgje mellom: To-toppstur, fisketur og ein-toppstur. På slutten av turen fekk nokon lov til å stå under ein foss. Seinare gjekk me på bekkevandreing. På kvelden hadde me underhaldning så la me oss.

Torsdag: Då me vakna begynte dei fleste å pakka. Då alle var ferdige med å pakka, begynte me å vaska. Då me var ferdige hadde me det siste morgonmøte, der fekk me sjå litt bilder og snakka om alt me hadde lært på leiren. Så kom bussen og me blei kjørt heim.

Alle saman har kost seg på leir og lært mykje nytt. Takk for ei fin veke.
Skrevet av Sofie og Linda:)

 

 

Bilder og logg frå Ølen skule, 8. trinn:

Mandag: På mandag kom me fram til Gullingen leirskule etter ein lang busstur. Me fekk litt start informasjon og litt tid til og komme oss til rette på rommet. Etter på hadde me ein samling der me fekk veta kvar matsalen og dei andre møteplassane var. Etter møtet gjekk me ein liten tur i skogen, så me blei kjent med området. Me avslutta turen med eit iskaldt bad på stranden.

Tirsdag: På tirsdags morning vakna alle av at lærerane gjekk rundt i gongen og slo på ei panne. Etter at alle var oppe, fekk me deilig frukost i matsalen. Etter maten hadde me morgenmøtet der me blei delt i to fjelltur-grupper. Den eine gruppa skulle gå på Såto med fisketur, og den andre skulle gå Uranuten med fisketur. Det var to veldig fine turar med gode matpauser og bål. Me avslutta turen med og skjekke om regntøyet våras var vanntett med å dusje i ein foss.

Onsdag: På onsdag vakna me som vanleg med full lyd fra gangen. Etter frukosten for me ned til vatnet for og bli betre kjende med vatnet. Me blei delt in i 2 grupper med 4 i kvar robåt der me rodde til ein liten holme midt på vatnet og tok ein matpause. Etter maten var spist opp rodde med til ein anna holme der me trekte garn og fyrte bål og koste oss. Me fekk prøve oss på og sløye fisk og grille dei på bålet. Fra holmen me var på nå byttet me fartøy med den andre gruppen sånt at me fekk padla i kano heim øve og dei andre rodde i båt.

Torsdag: Torsdags morning pakka me sekkane og ryddet rommet klar til heimreise. Me har hatt ein veldig kjekk tur med mange gøye opplevelser og me anbefaler alle om å kome hit!