Suldalselevane har hatt flotte dagar på Leirskule

Strålande elevar i mykje vêr
februar 26, 2021
Superveke med elevar frå Finnøy
mars 19, 2021
Strålande elevar i mykje vêr
februar 26, 2021
Superveke med elevar frå Finnøy
mars 19, 2021

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Jelsa, Marvik, Erfjord, Nesflaten, Sand og Vinjar sine 7. klasse-elevar har storkosa seg i heia kring Leirskulen tross litt lite snø. Sjå meir bilder og logg frå veka her:

Logg veke 10-21. Vinjar, Sand, Marvik, Jelsa, Erfjord og Nesflaten

Mandag: Me kom til leirskulen på føremiddagen og me pakka ut i romma våre. Me hadde ein kjempe spennande rumpebrettkonkuranse der Marte fra Suldal vant. Skileiken første dagen var i lysløypa for det var for bart og det var ingen snø andre plasser enn der.

Tysdag: Me gjekk tur oppi fjellå på sida av leirskulen. Me aka ned fra fjella me akkurat hadde gått opp.Marvik,Jelsa, Erfjord sov i bålståvå.

Onsdag: Skileiken vart i lysløypa alle dagane bortsett frå torsdag, då gjekk me på skitur og laga skileik. Ski/gåtur i lysløypa fordi det var for lite snø så me måtte gå litt til fots.Me bygde lesjerm og nokon teikna seg i fjeset med kull frå bålet.

Det var god stemning på Discokveld for C-fløyen.

Torsdag: Skituren på torsdag var i nærleiken av skitrekket. På skituren hadde me skihopp og laga leskjerm med snøballar og vindduk. Det var god stemning med Tore-Tang på discokveld med A og B-fløy. Orjentering var veldeg lett og dei gjekk ikkje på ski. Sand og Suldal overnatta i bålstova.

Fredag I dag skal me reisa heim, me har rydda og pakka. Me har storkosa oss her på Gullingen leirskule og kjem til å sakna den.