Strålande elevar i mykje vêr

Kjekk veke på leirskulen med Goa skole, 8.trinn.
februar 19, 2021
Suldalselevane har hatt flotte dagar på Leirskule
mars 12, 2021

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For ein gjeng me fekk opp i den siste veka før vinterferien 🙂 Rosseland skule sine flotte og smilande 6. klassingar har hatt Super-veka her på leirskulen. Dette til tross for ei veke der snøen hadde minka kraftig helga før. Og etter kvart som regnet auka på, minka snøen endå meir. På onsdagen var det tidvis flaum der elevane vassa i vatn og snøslaps med både ski og truger.
Og det var i dei to siste dagane me verkeleg fekk sjå kva som budde i denne flott gjengen. Elevane koste seg og smilte om kapp med snøsmeltinga. Og i dag fekk dei også fortalt oss om alt dei hadde lært, og det var mykje 🙂
Takk for “lånet” av supre elevar, og me øsnkjer alle ein god vinterferie.

Under finn du bilder og elevane sin eigen logg for veka.

Logg veke 8-21,
Rosseland skule, 6. trinn

Måndag:
Måndag starta med busstur opp til leirskulen. Då me kom fram til Gullingen leirskule, fekk me vita romma og deretter pakka med ut alt av klede og utstyr. Då det nærma seg lunsj, gjekk halvparten av oss opp på Skileikeplassen medan resten gjekk ned i lysløypa, for å prøva skia. Det var godt å endeleg få bevega seg litt etter den lange køyreturen. I løpet av den første skiøkta fekk me både hoppa, køyra slalåm og renna gjennom portløyper. I tillegg hadde me både hauk og due og stiv heks, på ski!

Etter middag var det ut igjen. Og denne gongen var det «Rumpebrettmeisterskap» som stod på programmet. Bakken var bratt, og det gjekk fort å komma seg ned. Det var kjekt med konkurranse!

Tysdag:
Dagen starta med ein god frukost før me gjorde dei tildelte oppgåvene våre. Me måtte pakke med oss klede og nistepakka vår, før me skulle ut på skitur. Me gjekk ein ganske lang skitur, og då me kom fram hadde me ostesmørbrød eller noko anna som me grilla på eit bål me lagde. Etterpå hadde me masse kjekk skileik. Etter turen var det tid for middag. På kvelden såg me også ein film. Det var Askeladden.

Onsdag:
Me starta dagen med ordensoppgåver og frukost. Deretter hadde me skileik nede i Lysløypa.
Etter skileik gjekk me på truger og hadde bingo-Orientering. Etter O-bingoen hadde me middag. Me fekk velja sjølv kva me skulle gjera etter middag. Kveldsmaten gjekk som vanleg, men etter den hadde me ein super kveld på Gullingen Fjelldisco.

Torsdag:
Me starta dagen med oppgåver og frukost. Deretter gjekk me til fots opp til Breiastøldalen. Me kunne ikkje gå på ski fordi det hadde regna mykje om natta. Her fekk me skia på, og det gjekk fort innover dalen. Nokon drog pulkane. Etter ei stund på ski, stoppa me og sette opp lavvoane. Me åt litt, før me gjekk vidare på ein tur til ein stor foss. Etterpå gjekk me tilbake til lavvoen og tende bål og hadde det kjekt. Me kom heim med eit godt humør og stort smil til middagen. Kveldsmaten var heilt normal også denne kvelden. Dagen vart avslutta med ein heilt super konkurransekveld med mange kjekke scenar.
Fredag:
Me måtte stå opp og gjera oppgåver, rydda, pakka og stella. Deretter vart det ein frukost der me fekk informasjon av Jan Erik. Me avslutta denne nydelege leirskuleturen med bildeshow og diplomutdeling. Det var kjekt.
TAKK FOR DENNE TUREN!
Mvh. 6. trinn på Rosseland skule.