Sol – Vinter og smil med Gautesete-elevane

Endeleg er me i gong med førjulsleirskulen her oppe under Gullingen. Og det blei ein flott start med ein flott gjeng ungdomar frå Gautesete skole i Stavanger. Dei første dagane lå snøen kvit og fin og gav magisk stemning ute på tur. Fakkelturen blei også spesiell med lett snøvêr og lyset frå faklane. Elevane har elles trekt garn, sløyd fisk og grilla den gode auren på bålet, lært seg å finne fram ved hjelp av kartet, og mykje meir om og i naturen.

Under finn du elevane sin eigen logg frå veka, saman med masse flotte bilde frå veka.

Logg for Gautesete skole, 8B+E, veke 47-19

Mandag:
Då me kom fram, blei me tildelt rom, og så gikk me inn på rommene våre for å pakka ud. Deretter hadde me samling i klasserommet, også var det ut i snøen. Vi kunne velge mellom og gå tur også snøbade, eller å gå tur og kappe juletre. Senere på dagen gikk vi til matsalen og spiste middag som var lapskaus. Deretter gikk vi en fakkeltur og spiste grøt.

Tirsdag:
På tirsdagen starta me dagen me å samlast i klasserommet for å få planen for dagen. Me spiste frokost, kledde på oss turkler, gikk ut og ble delt inn i grupper, gikk tur og lagde ting av greiner og kvister. Så lagde me bål nere med strandå i det fina veret, det var masse sol og snø. Rett og slett helt magisk. Der nede fiska me og grilla mat.

Onsdag:
På onsdagen starta me også dagen med samling i klasserommet og frokost, så blei me delt inn i grupper og orienterte ute i snøen. Deretter hadde noen juleverksted, og andre lagde ting av kvister og greiner inne.

Torsdag:
På torsdagen hadde vi samling i klasserommet og spiste frokost. Deretter fikk vi velge mellom 3 forskjellige fjellturer, på turene lagde vi bål og grillet pinnebrød og nisten vår, bla ostesmørbrød. Då me kom tilbake fra turene, pynta vi oss og spiste god julemiddag og hadde pingpong turnering og quiz.

Fredag:
I dag blåse det mye, alle rydde rommene sine, pakke baggene sine og nå skal me hjem. Takk for denne kjekke opplevelsen!