Sol – silkeføre og påskestemning

No er fredagen her igjen, og nok ei strålande veke er passert. Og for ei veke dei blei. 7. klassingane frå Vikevåg og Mosterøy skole, i frå tidlegare Rennesøy kommune har rett og slett hatt ei super-veke her oppe. Under kan du lese elevane sin eigen logg for veka, og sjå mange flotte bilder frå Super-veka. God helg.

Logg for veke 10-20: Mosterøy og Vikevåg skular, 7.trinn

Mandag:
Nå har me endelig komen fram. Buss turen tok ca to og ein halv time.
Det er masse snø og dalane er fine her. Romma har to køysenger, ein vask og eit bord med benk.
Me var i skileiken og blei vant med skia på beina. Til middag hadde me lapskaus.
Det var godt med mat etter ein så lang dag på ski. Etter på hadde me akekonkurranse for å sjå kva for ein skule som var best på rompebrett. Mosterøy vant og fekk alle på pallen.

Tysdag:
Me sov godt første natta. Det blåste mykje ca 16 m/s, og i dag var den store truge dagen.
Me spiste frukost, og etter på gjekk me og henta truger og ski. Ski gruppa starta med å ploge og svinge, mens trugegruppa hadde springe-konkurranse og Orienterings-bingo. Me hadde hovudpausen i Bålstovene, der me grilla ostesmørbrød. Etter ein stund, bytta me grupper. Kl. 4 spiste me taco. Det var dritgodt!! Etter middag kunne me gjere kva me ville.

Onsdag:
Me blei delt i 4 grupper, og dei gruppene hadde forskjellige turar. Gruppe 1 og 2 gjekk på løype, og 3 og 4 gjekk i laussnø. Me laga bål og benker ut av snø, der me grilla ostesmørbrød og pinnebrød. Det var veldig godt. Leirskulelærarane laga hopp, orgeltramp og mange andre aktiviteter som me kunne bruke.
Me kom heim te laks og is til dessert.
Etter på såg mange fra A og B fløyen film.

Torsdag:
I dag fekk me velja kva tur me kunne gå. Nr. 1 var den vanskelegaste turen og nr. 4 var lettast.
Me laga bål og hopp der koste me oss i ca. 1 time. Naturen var fin og det var perfekte forhold. Det var sol og pluss grader i sola. Me kom heim til kyllinggryte og gele til dessert.
Litt etterpå var det disco og kino. Filmen de spilte var en dinosaur film.

Fredag:
Me er ferdig pakka og held på å vaske og skrive logg. Alle synes det har vert ein fantastisk veke.
Me har fått eit mykje betre kunnskapar til naturen og ski. Tusen takk for alt.

Helsing alle oss frå Vikevåg og Mosterøy skular.