Flotte 7. klassingar i skikkeleg vintervær

Denne veka har me hatt elevar frå Rubbestadneset skule på Bømlo og heimelege elevar frå Nesflaten, Erfjord, Marvik, Vinjar og Sand skular. Me har hatt rikeleg med snø, og fått nye forsyningar av kvit magi kvar dag. Aktiviteten i skileiken ved leirskulen har vore på topp. Måndag kveld vart dei raskaste på rumpeakebrett kåra. Tysdagen hadde me både skileik  og instruksjon i brems og svinge på ski. Elevane fekk også prøve seg på truger og med kart i orienteringsløypa. Me nytta bålstovane våre til bålpausen om tysdagen.

Onsdagen dro me innover i Breidastølsdalen i 4 grupper. nokre tråkka eige spor i lia, mens andre valgte nytråkka løype. Alle gruppene hadde bålpausen i lavvo, og grilla både skiver og pinnebrød. Skileik fekk me også tid til.

Torsdagen var turdag. Elevane fekk velge mellom 4 ulike turar. Ei gruppa var over tregrensa for å finne flotte bakkar å renne i. Ei anna gruppe dro seg også innover i laussnøen på jakt etter dei fine bakkane. Dei to andre gruppene dro tilbake til Breidastølsdalen og fann flotte bakkar der til skileik. På veg tilbake til leirskulen fekk me vite at alt av skuler ville bli stengt. Dermed blei leirskuelopphaldet litt kortare enn planlagt. Heldige oss som fekk med oss alle turane, men me gjekk glipp av kiosk og fjelldisco.