Mykje vær og mykje moro

Figgjo og Moster skule, 7.kl fekk mykje vær og vind på i leirskuleveka si, men har likavel storkosa seg. Sjå logg og fleire bilder:

Logg veke 8-20, Figgjo og Moster skule, 7. kl

Mandag:
Då me kom av bussen var det dårleg vær. Me gjekk opp til rommene, og tok tinga inn på rommet.
I 12 tida hadde me møte/time. Etter det gjekk me med skiene i skistallen og hadde skileik. Til middag hadde me lapskaus med pølse og sjokolademouse til dessert med heimelaga vaniljesaus. Etter middagen hadde me fritid og da spelte me spel og såg Shrek. Me hadde kvelds klokka 20:00.
Me blei stille klokka 22:00.

Tysdag:
Me sto opp ca. kl 0715. Det var frokost kl 0745. Det var møte og me lærte kva klede me skulle ha på oss. Me fant ski og truger. Me blei delt i tre grupper 2 av gruppene gjekk på truger og resten gjekk på ski. Me bytta etterpå. Me hadde taco til middag og kiosk til dessert. Etterpå såg nåken på film(jumanji). Denne dagen fekk me lov og overnatte i bålstova. Me la oss kl22:00.

Onsdag:
Me sto opp te frokost og lagde niste. Me hadde morgenmøte ca: 09:00. Me skifta så gjekk me på
tur. Me hadde fritid så var det middag, det var laks til middag og is til dessert. Så hadde me litt mer
fritid, og etter det hadde vi kvels og så film(Mowgli) og da lå vi oss 22:00.

Torsdag:
Me sto opp te frokost. Idag kunne me velge kva for ein tur me ville gå, me forskjellige vanskelighetsgrader. På turen hadde me sametelt. Når me kom heim var det middag, til middag var det kylligkarri og til dessert var det kiosk og gele.

Fredag:
Me sto opp til frukost. Etter frukost måtte me pakke og legge baggene våres utenfor. Me hadde morgonmøte klokka 10:00. Bussen kommer ca klokka 11:00 og me er tilbake til skulen ca klokka 14.00. Me sitter og skriver dette beint klokka 09:34. Det er mangen som vill heim men det er og mange som ikkje vil heim. Takk for oss