Sol og sommar for Leirvik-elevane

I denne veka har me hatt gleda av å ta med 7. klassingane frå Leirvik skule ut på tur her under Gullingen. Dei har stokost seg, med sol og sommarvarme dei første 3 dagane. Elevane har tatt alle utfordringar på strak arm, både i kano og robåt, med sløying av fisk, på fjelltur og bading i fossen, og i fjellskogen med bål, pinnebrød og orientering. Svært mange har bada opp til fleire gonger om dagen, og på oppsummeringa fekk dei vist at dei har lært ein masse også i denne veka. Fleire sa at det hadde vore den mest lærerike veka dei bnokonsinne hadde hatt!

Under kan du lese elevane sin eigne historie frå veka som gjekk, og sjå mange flotte bilde frå veka. Takk for “lånet” av elevane.

Logg for Leirvik skule, 7. trinn
Veke 35-2019

Mandag:
Alle møtte opp spente på Vikahaugane parkeringsplass. Alle var tidlige på parkeringsplassen. Då me endelig fekk lov te å gå i bussen, så gleda alle seg te å komma fram og kunne ikkje slutta å snakka om leirskulen. Då me endelig kom fram, måtte me venta på parkeringsplassen og høra om ka me skulle gjer.  Baggane var tunge og alle var slitne. Men, då me kom inn på fløyane, var me skikkelig overraska øve kossen rommene va. Dei va sjuukt fine!!!

Tysdag:
Me blei vekt av at nokon banka på døro våras. Me gjekk opp te frokosten, og der fekk me skjeva med pålegg eller frukostblanding.  Etter da så fekk me veta kva me sku gjer den dagen, og da var at me sku ver på vatnet, og me lærte også om været. Så  gjekk me for å pakka tursekken. Alle måtte bera ei åra ned te kanoane og robåtane. Me trakk fiskegarn, og me sløya all fisken me fekk. Til saman fekk me meir enn 35 fisker.

Onsdag:
På onsdag skjedde da møkje! Alt va heilt som vanleg når me satt på morgonmøtet heilt te brannalarmen gjekk, og me måtte stilla opp ute. Alle trudde at da var ein øvelse, men det viste seg at da bare var kinesarane som ville laga toast i D-fløyen. Me gjekk tilbake og fortsette møtet. Så gjekk me tur. Da va to grupper som gjekk til forskjellige plassar. Den eine gruppo gjekk til Såta-toppen, og den andre gjekk på fisketur attmed Såta. Den første gruppa fossebada først ,så etterpå kom dei andre og bada etter dei hadde gått. Da var kjempe kjempe gøy å bada under fossen!!  På vei heim så datt ei jente, og kutta seg i fingeren. Kuttet var ganske djupt. Jan Erik fekk stoppa blødninga litt, og ette da så blei da tur ned til legevakto. Jento fekk sydd 5 sting i fingeren. Alle som visste at ho var på legevakta, var skikkelig engstelege for ho, men alt gjekk bra te slutt. Dei som ville det, kunne såve i Bålstova, og ganske monge gjorde da. Dei fleste såg på norske talenter, og den eine læraren tok av lyden for å snakka med oss. Alle blei irritert, men me fekk sjå vidare når ho var ferdig.

Torsdag:
Alt var egentlig ganske vanlig på mårningen. Me gjekk på mogonsamling som vanleg, og der fekk me veta at me skulle i skogen.  Me studerte planter og lagde bål. På bålet så grilla me pinnebrød og laga kullstiftar. Då kullstiftane var ferdige, teikna neste alle seg i ansiktet med kull.  Så gjekk me og bekkevandra, og alle enda opp i vatnet, sjølv om dei sa at dei ikkje skulle gjere det. Alle hadde det kjempegøy, men nesten alle fekk vondt i rumpa av å skli ned på steinane.

Fredag:
I dag skal me heim, og alle gleder seg te å komma heim, men alle meinte at veko gjekk ALT FOR FORT!!!! Me pakka og gjorde oppgåvene våre, som til dømes å skriva denna loggen.

Det var KJEMPEGØY HER!!!!!!!!!