Flotte dagar på Gullingen med 8. trinn frå Vikedal skule

Her kan du lese meir om kva elevane frå Vikedal har opplevd denne veka:

Måndag:
På måndag formiddag kom me til Gullingen leirskule. Først så kom lærarane til parkeringa og viste oss vegen opp til der me sku bu . Me blei så delt inn i rom. Me gjekk ein liten tur og på den turen så lærte me oss korleis me bruker kart, og me lærte meir om planter. Og når me kom tilbake så var det middag. Det var lapskaus til middag og sjokolademousse til dessert. Etter me hadde åte så gjekk me og såg film til me skulle legge oss.

Tysdag:
Me åt frukost klokka 08.00. Etter det så gjekk me ned til klasserommet, og me fekk høyre meir om kva me skulle den dagen. Me gjekk på tur til Såta og me fekk lære meir om planter og, om kva som hadde skjedd der før i tida. Når me hadde komme fram så kunne me fiske og me laga eit bål. Når me gjekk him øve så fekk me lov å gå inni en foss. Me åt laks og pasta til middag og ispinne til dessert. Seinare på dagen så spelte me fotball kamp mot 7 klasse frå Leirvik skule.

Onsdag:
Så møtte me opp til klasserommet igjen og der fekk me lære meir om norske dyr som levde her i nærleiken. Etter det så gjekk me ned til Mosvatnet og der padla me i kano og i robåt. Me trakk garn og åt fisken me fekk. Når me var på vei oppover så skulle me på bekkevandring. Det synes me var kjempe kjekt. Når me kom tilbake var det taco. Etter det så såg me film og nokken var ute.

Torsdag:
Me åt frukost, pakka og rydda/ vaska. Me skulle møtast ned i klasserommen. Og me skulle reise i 11.00 tida.
Me har hatt det kjempe kjekt på Gullingen leirskule. Me har lært om planter, kart og snakke meir og ikkje vere så avhengig av mobilen.