Fantastisk veke med flotte elevar frå Skjold og Ølen

Denne veka har me hatt åttendeklassingar frå Ølen og Skjold her på leirskulen. Her kan du lesa kva dei har opplevd desse dagane.

Måndag:
På måndag kom 8. klasse frå både Ølen og Skjold til Gullingen leirskule. Lederane kom og tok imot oss på parkeringa. Dei viste oss fløyene der me skulle bu, og kor ting og bygg var på leirskulen. Når me hadde fått tatt tinga våre på romma skulle både Skjold og Ølen møte på grusbanen. Der blei me delt inn i grupper med både Ølen og Skjold. Gruppene gjekk ut i skogen og me lærte om naturen. Så blei me delt inn i par på to og to. Para skulle finne 10 postar som var inni skogen. Me fekk eit kart med postane på slik at me kunne finne postane. Når me var ferdige med postane gjekk me ned til eit vatn der dei som ville kunne bade. Så var det snart middag og dei fleste var svoltne. Etter middagen kunne dei som ville være med ned til vatnet og fiske. Så var det kveld og dei fleste var slitne etter ein lang dag.

Tysdag:
Tirsdagen begynte tidlig for mange, med vekking kl 07. Me fekk oss opp og det blei god stemning. Etter frukost blei Ølensbu og Skjoldabu samla inni klasseromet får å få vite kva me skulle gjere i dag. Me blei delt opp i to grupper, der den eine gruppa skulle på fjellet og den andre gruppa skulle på vatnet. Dei som skulle på fjellet kunne velge mellom to turar. Ein to toppstur og ein fisketur. Begge deler hadde vært kjempe kjekt og me lærte mykje om naturen, bær og historieteikn. Dei som skulle på vatnet blei og delt opp i to grupper, men dei fekk prøve begge deler. Den ein gruppa skulle padle kano, den andre skulle ro. Dei fekk trekke garn, sløyd fisk og grilla den sjølvfiska fisken. Me fekk og eta fisken etter me grilla den og den smakte heilt fantastisk. På kvelden fekk me tilbake mobilane våre, og dei aller fleste hadde venta og venta på det.

Onsdag:
På onsdagen bytta dei som var på fjellet med dei som var på vatnet. Etterpå me var ferdige på fjellet og vatnet møttes alle med ein bekk. Der bekkevandra me. Det vil seie at me gjekk opp i bekken og sklei nedover bekken. Alle blei kliss våte, men det gjorde ingen ting.
Når me kom opp igjen åt me middag og hadde kiosk. Så var det disco. Det va koselig.

Torsdag:

På torsdag så pakka me ut og skulle reisa him.