
Fantastisk veke med flotte elevar frå Skjold og Ølen
september 5, 2019
Snø på toppane med Iglemyr-elevane
september 20, 2019
Da reiste ein fantastisk gjeng frå Hystad og Rommetveit heim frå Gullingen leirskule. Dei har tatt all utfordringar på strak arm og kost seg i haustfjellet. Under kan du sjå litt bilder og lese elevloggen frå veka.
Logg veke 37 Hystad og Rommetveit
Mandag:
På mandag ankom me Gullingen leirskule. Først gjekk me inn på romma. Me pakka ut og slo oss til ro. Så møtte me opp i klasserommet og fekk møta rektoren og alle som jobba på Gullingen. Me blei delt opp i grupper og gjekk på bli kjend tur i skogen. Så bada dei som ville i Mosvatnet og på kvelden gjekk me å fiska og tente bål nedved stranda. Etter på gjekk me opp igjen og åt kvelds.
Tirsdag:
På tirsdag våkna me på dei fine romma våre. Så gjekk me og åt frukost. Etterpå dro me på fisketur/rotur/kanotur. Så lagde me bål og grilla aure før me gjekk heim igjen. Då såg me film og koste oss med godteri me hadde kjøpt i kiosken.
Onsdag:
På Onsdag var me på skogstur. Og Rommetveit overnatta i bålstova. På turen lagde med kolstifta og tok da i fjeset. Me prøvde og å skubba ein stein utfor eit stup.
Torsdag:
På torsdag dro me på tur på fjellet. Noken dro på to toppstur andre dro på rusletur og fisketur. Me prøvde Gullingen testen på regntøyet vårt i fossen, før vi avslutta med bekkevandring. På kvelden var det disco.
Fredag:
Da var det heimreisedag med pakking og vasking før me avslutta i klasserommet.
Tusen takk for oss! Helsing 7.klasse på Rommetveit og Hystad




























































