Nysnø – skiglede og smilande elevar

Elevane i 6A og B frå Rosseland skule og 7. trinnet frå Gilje skule har hatt ein strålande veke der smila og skigleda har vist godt igjen. Vêret har vore ganske bra også, med gløtt av sol og ikkje minst nysnø!

På oppsummeringa av veka i dag, fekk dei også vist at dei hadde lært ein masse også. O gall ville gå meir på ski!

Under finn de elevane sin eigen historie frå veka og mange flotte bilder der skigleda viser godt!

Logg for Rosseland og Gilje skular i veke 5 i 2020

 

Måndag
Me kom fram til leirskulen litt seint på morningen. Me tok skiene ut fra bussen og la dei i skistallen. Så fekk me rom og pakka ut. Etterpå gjekk me alle på ein liten tur innover Breiastøldalen, og me hadde nokon artige leker på ski. Då me kom heim fekk me middag, som var lapskaus, og til dessert fekk me sjokolademousse med vaniljesaus. Nam!

Tysdag
Me vakna og åt frukost der me laga våre eigne nistepakker. Så var me på morgonsamling, der me lærte litt om været og kva me skulle ha på oss. Me blei delt inn i fire grupper. Gruppe 1 og 2 var Rosseland skule, og gruppe 3 og 4 var Gilje skule. Me gjekk på fottur, og på turen lærte å lage bål. Me grilla ostesmørbrød og pinnebrød. Så fekk alle ake på rumpebrett. Til slutt hadde me orientering med kart. Me åt middag då me kom heim, og då hadde me Taco. Etter det var det kiosk, så me kunne kjøpe godteri i. Gilje skule sov i bålstova, men nokon gjekk ned igjen på grunn av kulden og andre ting.

Onsdag
Me vakna og åt frukost og laga nistepakker til seinare. Så var me på morgonsamling, og der lærte me om dyr og dyrespor. Me gjekk på tur, og Gilje gjekk litt lengre enn Rosseland for at ikkje alle skulle være på same plass. Nokon av dei som ville trekke pulken, kunne det. I pulken låg det lavvu, og spader. Me fekk køyre på hopp og køyre i sykkel-løype. Og me fekk òg litt forskjellige utfordringar i bakkar. Me bygde leskjerm og hadde bål i midten. Rosseland hadde bål-konkurranse, gutane mot jentene. Då me kom heim, hadde me laks og pasta, og til dessert hadde me pinne-is. Halve Rosseland skule sov i Bålstova. Det var nokon som gjekk ned då også på grunn av kulden og røyk frå bålet. Gilje hadde bordtennis konkurranse.

Torsdag
Igjen vakna me og åt frukost og laga nistepakker. Så var me på morgonsamling, og der lærte me om snøskred og fjell. Me fekk velja mellom 3 ulike turar denne dagen. Tur 1 var ein langtur til fjellet Uranuten og Sevskar. Tur 2 var ein litt kortare tur til Breiastøldalen. Og tur 3 var same turen som på mandag. Då alle kom heim frå turane hadde me kylling og ris til middag, og til dessert hadde me gele med vaniljesaus. Så var kiosken open igjen. Og litt seinare på kvelden var det Disco. Me dansa og 1 lærer frå Gilje og 1 lærer frå Rosseland dansa Salsa. Så sov resten av Rosseland skule som hadde lyst i Bålstova. Også der gjekk nokon ned.

Fredag
Me åt frukost, og så fekk alle oppgåver som dei skulle gjere. Alle rydda ut og vaska, og pakka tinga sine. Bussen kom litt seinare.
Det har vore ei nydelig veke. Og me vil takka lederne og lærerne for denne veka.
Med vennlig helsing; 7. trinn frå Gilje og 6 A og B frå Rosseland.