Kjempeveke med åttendeklassingar frå Goa og Hjelmeland

Denne veka har me hatt elevar frå Hjelmeland og Goa på leirskulen. Vèret og snøforholda har vore litt vekslande. Under kan du lese kva elevane har opplevd og lært denne veka.

Mandag:
Då me kom til Gullingen, blei me delt inn på rommene og pakte ut. Etterpå gjekk alle saman inn til Breiastølsdalen. Der hadde me leiker på ski. Me hoppa på hopp, rann slalom, og rann ned bakker.

Tysdag:
Då blei me delt inn i grupper, etter nivå. Dei som var på gruppe 1 og 2, dei gjekk samme vei som dei gjekk på mandagen. Gruppe 3 og 4 gjekk ein vei gjennom skogen. Me hadde bål og hadde ostesmørbrød. Me hadde leiker. Me hoppa på hopp og rann i løypa. Etter turen fekk me taco til middag. Denne dagen var kiosken open. På kvelden så kunne alle som ville bli med på mørketur med faklar. Me hadde eit lite bål, og hørte på historier om dei underjordiske.

Onsdag:
Denne dagen satte me gruppe 1 og 2 sammen og gruppe 3 og 4 sammen. Gruppe 1 og 2 gjekk først på truger. Gruppe 3 og 4 gjekk på ski først. Etter halve dagen bytta me. Dei som gjekk på truger hadde orientering, me hadde snøballkrig og trugesprint. Dei som gjekk på ski hadde leiker. Me rant ned bakker, lærte og ploga og andre teknikker. Me hadde pauser i Bålstova. Der hadde me bål og hadde pinnebrød. Me fekk laks til middag. Og me fekk isabella-is til dessert. På kvelden hadde me ein quiz. Denne quizen hadde spørsmål om ting me hadde lært om på morgonsamlingene. Om kart og hjortedyr, snøskred og bål.

Torsdag:
Denne dagen var det tureksamen. Denne dagen måtte me velge om me ville gå lang, middels eller kort tur. Dei som gjekk på den korte turen dei gjorde, gjekk til den plassen vi var på mandag. Middels dei gjekk til fossen og litt lengre. Der hadde dei bål og leiker. Dei lagde hopp og koste seg. Lang tur gjekk ein litt meir utfordrande tur. Med lengre bakker. Der hadde dei bål og hopp. Me koste oss rundt bålet. Då me kom heim, fekk me kylling-gryte og gele til dessert. I dag var kiosken open.

Fredag:
I dag åt me frukost, og etterpå måtte me pakke ut. Alle fekk forskjellige arbeidsoppgåver. Nokon måtte rydde rom og andre skreiv logg. Alle la tinga sine nede på parkeringsplassen når me var ferdig med å pakka. Etterpå såg vi på bilder som blei tatt i denne uka.

Denne uka har vore veldig gøy og lærerik. Denne leiren har passe til alle. Dei som var lederene har gjort ein god jobb til og tilpassa leiren til alle nivå.