Lite snø, mykje vêr, men topp stemning for elevane frå Suldal og Forsand

Ei flott veke med ivrige elevar fra Bømlo og Stord

mars 6, 2026

Ei super veke me elevar frå Bømlo

mars 20, 2026

Ei flott veke med ivrige elevar fra Bømlo og Stord

mars 6, 2026

Ei super veke me elevar frå Bømlo

mars 20, 2026

7.klassingane frå skulane i Suldal (Erfjord, Jelsa, Marvik, Nesflaten, Sand og Vinjar), og 6. og 7.klassingane frå Forsand skule har vore i lag på leirskule denne veka. Ute var det grått og vått.  Snø var det lite av, men aktivitet og humør på elevane har det ikkje mangla på. Me har hatt mykje forskjellige aktivitetar som elevane har fått vore med på gjennom veka, og det har dei møtt med iver, smil, samarbeid og pågangsmot. Gode erfaringar og ny lærdom har dei med seg heim , i lag med nye kjennskap og vennskap.

Meir detaljer frå veka kan de lesa i elevloggen:

Veke 11-26. Suldal og Forsand

Måndag: Me kom mandag formiddag, fekk diverse informasjon og blei delte inn i rom. Me fekk god tid til å pakke ut og eta før me skulle ned i klasserommet. Første dag gjekk ganske bra. Me hadde god tid til og bli kjent med plassen me sov på og fekk renna i bakken på ski. Det var også god mat denne veka. Idag hadde me lapskaus som var ganske god, og is til dessert. Etter middag var det akekonkuranse. Til kvelds var det brødmat og pålegg.

Tysdag: På tysdag gjekk me på truger og ski. På truger gjekk me ein liten tur og hadde bingo-orientering. Me kasta og snøball på både vaksne og barn (på Gullingen-spesial-vis). Før me kasta snøball hadde me 10-meters-trugesprint. Etter me var ferdige på truger hadde me ein bålpause der me grilla osteskiver og koste oss med varm drikke. På ski hadde me forskjellege aktivitetar og hinder. Når me var ferdige gjekk me opp igjen til leirskulen. Der hangmr  frå oss skia i skistallen og gjekk for å  bytta til tørre kler. Til middag hadde me taco og etter middag var det kiosk og spel. Så var det kveldsmat igjen og då hadde me og brødmat og pålegg.

Onsdag: På onsdag hadde me Gullingenleikane og sto på ski. Gullingenleikane var forskjellege stasjonar som alle skulle gjennom og få eit visst antal poeng. Etter Gullingenleikane gjekk me inn i lavvoar som me hadde satt opp og grilla osteskiver og pinnebrød.  På ski var det frileik og hinder. Så gjekk me opp igjen til leirskulen. Etter middag slappa me av i stova og spelte spel. Så var det kvelds igjen og då hadde me som vanleg brødmat og pålegg. Etter kvelds var det prøvedisko og så var det natta.

Torsdag: På torsdag kunne me  velja mellom to turar: på fottur eller ski. Me hadde også spikking av Gullingenpinnen. Og som vanleg hadde me bålpause. Denne dagen var det i grillhytta for gruppe 3 og 4, og i bålstova for gruppe 1 og 2. Så var det tid for middag. Til middag denne dagen var det kyllingryte med tagliatellepasta og grønnsaker. Me fekk og dessert og det var forskjellege typar is. Etter kveldsmaten var det disko og då var nesten alle nede i klasserommet og det var musikk, lys, og full baluba.

Fredag: På fredagen var det rydding og vasking som sto på planen for alle elevane bortsett frå dei som skreiv denne loggen. Så venta vising av bilete frå veka, og kåringar i klasserrommet.  Bussen heim gjekk ca kl 11:00. Me har hatt ei kjempe kjekk veka på leirskulen!