Ei super veke me elevar frå Bømlo

Lite snø, mykje vêr, men topp stemning for elevane frå Suldal og Forsand

mars 13, 2026

Strålande vinterveke med elevar frå Svortland skule og Sørhåland barneskole

mars 27, 2026

Lite snø, mykje vêr, men topp stemning for elevane frå Suldal og Forsand

mars 13, 2026

Strålande vinterveke med elevar frå Svortland skule og Sørhåland barneskole

mars 27, 2026

Hillestveit, Meling og Moster skule,  7. trinn

Mandag: Då me kom fram til leiren berte me opp tung bagasje og pakka ut. Etter me hadde pakka ut sakene sto me på ski og hadde ski leikar. Me hadde hauk og due og stivheks. Etter masse knall og fall var det på tide med en pause før middag. Me fekk pasta og kylling med is til dessert til middag. Etter middagen hadde me ake konkurranse med rompebrett.

Tysdag: Me våkna opp å spiste frokost og smørde oss niste til tur. Etter frukosten samla me oss i klasserommet. Der lerte me om kva me skulle ha på oss, og kva me skulle ha med oss på skituren. Me blei delt inn fire grupper, to grupper var på truger og hadde bingoorientering. Dei to andre gruppene gjekk på ski i lysløypa. Etter bålpause bytta gruppene aktivitet. Til middag spiste me taco, og etter middagen var det kiosk. Moster skule fekk valget om å sove i bålstua den kvelden.

Onsdag: Klokka sju vakna me får å eta frukost og laga nista. Når me var ferdig å eta frukost  hadde me morgonsamling i klasserommet. Der lerte me om dyra som var her på Gullingen. Det var 4 grupper i dag og to av dei sto på ski i ein skiløypa og dei to andre gruppene gjekk inn Breiastølsdalen. Alle gruppene hadde skilek med portløyper og hopp. Til dessert i bålpausen grilla me pinnabrød med kanel og sukker! Til middag fekk me kjøttkaker og potet i brunsaus og is til dessert. I dag fekk Hilletveit skule tilbod om å sove i bålståva.

Torsdag:  Me blei vekka kl.7, og alle var trøtte. Det var frokost ca ein time etterpå i mellom tiden, måtte alle rydde og vaske. Me fekk velga vanskilghetsgrad om kva skitur me ville gå. Noken gjekk til lysløypa, nokon gjekk til Korteli og nokon gjekk til Langeli. På tur rant me ned bakkar, hadde orgeltramp, laga hopp og hadde bål eksamen. Til middag hadde me lapskaus med gele til dessert. Om kvelden var det diskotek, og Meling skule hadde tilbod om å gå opp i bålstua.

Fredag: Me sto opp tidlig for å pakka sakene våres fordi i dag skulle me heim. Me berte alle sekkane ned til parkeringsplassen etter me åt frukost. Alle på leirskulen har fått vaske oppgåver som dei  skulle gjera. Snart er det avsluttningsamling der me skal få diplomar, premie får ryddigast rommog sjå bildeshow.

Takk for oss!

Helsing 7. klasse Meling, Moster og Hillestveit skule