Flott vinterveke med Finnøy skule
februar 19, 2026
Lite snø, mykje vêr, men topp stemning for elevane frå Suldal og Forsand
mars 13, 2026
Denne veka har me hatt besøk av elevar frå Gilje, Våge, Rubbestadneset og Stord Kristne skule. Under kan du lese og sjå kva dei har opplevd og erfart ei veke på besøk hjå Gullingen leirskule.
Mandag : Då me kom til leirskulen så gjekk me inn i stovene og blei fortalt kor me sku sova og bu. Me fekk pakka litt ut og eta nista vår før me fekk informasjon i klasserommet. Etterpå gjekk ned til lysløypa og sto på ski. Til middag så hadde me lapskaus og isabell is til dessert. Etter middag så gjekk me ned og hadde ein rompeakebrett konkuranse. Etter det hadde me kveldsmat og la oss klokka 22.
Tirsdag: Klokka 07:45 så gjekk me og åt frokost og gjekk ned i klasserommet. Her fekk me veta kav me sko ha på oss og i sekken. Me blei delt inn i grupper der alle skulle ha skileik, og truger med bingoorintering. Alle gruppene lærte korleis me skulle lage bål. Klokka 16:30 åt me middag og etter det va det kiosk. Klokka 18 så var det sjakktunering. Seinare på kvelden så var det diskotek og fotballkamp på tv.
Onsdag: Me spiste frokost før me gjekk ned i klasseromet. Der lærte me om dyra på Gullingen og såg ein film om Fjellrevane Storm og Tinde. Me bli delt inn i fire grupper. Gruppe 1 og 2 var nede i lysløypa og hadde skitur og skileik, mens gruppe 3 og 4 gjekk skitur inn Breiastølsdalen. Seinare var det middag. Me fekk kjøttkaker og sjokolade mosse til dessert. Det var og fortsettelse på sjakktuneringa. Seinare såg me fotballkamp før me la oss.
Torsdag: Me spiste frokost som vanlig før me hadde time i klasserommet. I dag var det turdag og me fekk sjølv velge kva tur me villle gå på. Tur 1 – 3 var skitur til Breiastølsdalen og tur 4 var fottur til Uranuten. Til middag hadde me kyllingryte og friskis. Det var og kiosk, sjakktunering og disko. Me la oss 22.
Fredag: me sto opp, åt frokost og begynte å rydde og pakke. Nå skal me snart gå i klasserommet og ha oppsummering og sjå bildeshow!
Takk for ei fin veke på leirskule
Helsing 7. klasse Gilje, Våge, Rubbestadneset og Stord Kristne Skule













































