Leirvik skule med pangstart på skuleåret

Blaute åttendeklassingar frå Ølen og Skjold

august 24, 2018

Indian summer med Langeland

september 7, 2018

Blaute åttendeklassingar frå Ølen og Skjold

august 24, 2018

Indian summer med Langeland

september 7, 2018

Logg veke 35. Leirvik skule 7. trinn

Måndag:
På måndag kom me til Gullingen Leirskule. Me pakka først ut, så gjekk me på tur og dei fleste tok med seg badeklede og hoppa ut i det kalde vatnet. På kvelden gjekk dei som ville på fisketur.

Tysdag:
På tysdag delte me i to grupper. Den eine gruppa var i skogen og hadde orientering, bål og leik. Den andre gruppa var på vatnet og padla kano og rodde robåt. Dei rodde og padla til ei øy der dei grilla og trakk garn. Nokon sov ute i bålstova på kvelden.

Onsdag:
På onsdag gjekk den gruppa som var å padla ut i skogen, mens den gruppa som var i skogen var å padla på vatnet. I dag var det og rom for å sove i bålstova.

Torsdag:
På torsdag fekk me velje tur. Ei gruppe valte å gå på fisketur på fjellet, den andre gruppa ville heller til Gullingen toppen. Dei som var på fisketur fekk mange fisk og fekk gå under ein foss for å skjekka om regnkleda var i orden, mens dei som var på Gullingen toppen fekk fin utsikt, dei såg f.eks. litt av Folgefonna og mykje meir. Når begge gruppene var ferdig på tur møttest me til bekkevandring. Me hoppa i ein stor kulp som var i enden av bekken. 28 av elevane sov ute under open himmel og grilla pinnebrød på morgonen.

Fredag;
På fredag pakka me og hadde oppsumering av superveka. Så reiste heim.

Tusen takk for eit supert opphald!