Blaute åttendeklassingar frå Ølen og Skjold

Frå vind og regn til nesten strålande sol.

juni 22, 2018

Leirvik skule med pangstart på skuleåret

august 31, 2018

Frå vind og regn til nesten strålande sol.

juni 22, 2018

Leirvik skule med pangstart på skuleåret

august 31, 2018

Tirsdag:
På tirsdag kom det 8. klassingar frå Ølen og Skjold til denne leirskulen. Me blei tatt imot av to som jobbar her. Dei ga litt info om kva som kom til og skje osv. Etterpå viste dei romma me skulle bu på. Det var flotte rom og eg fekk den koselige hyttefølelsen med ein gong eg kom inn.
Etter at me hadde blitt litt kjent i området der me skulle bu møtte Skjold og Ølen opp på grusbanen. Der blei me delt inn i 4 grupper med både ølensbu og skjoldabu. Då lærte me litt om natur og om kart. Me blei delt inn to og to og fekk kvar sitt kart der me skulle finne 10 postar. Postane var merka på kartet. Så det var lett for nokon og ikkje så lett for andre. Når me var ferdige gjekk alle ned igjen og åt middag og seinare fekk me kvelds også var det leggetid.

Onsdag:
På onsdag gjekk halvparten tur til eit fjell og ein foss. Den andre halvparten gjekk til eit vatn og padla kano og fiska fisk. Dei som gjekk fjelltur gjekk ein tur på ca 6km. Me lærte mykje på vegen opp, og på vegen ned igjen. På vegen ned gjekk me til ein foss og dusja med regntøy på, det var kjempe gøy. Dei som fiska og padla i kano lærte seg og padle og sløye fisk. Etter at dei hadde sløyd fisken, grilla dei den og spiste den. Etter alle var ferdige med enten og palde kano eller og gå fjelltur, gjekk alle tilbake til leiren og åt middag og fekk slappa av. Rett og slett ein kjekk dag for alle.

Torsdag:
På torsdag gjekk dei som hadde gått fjelltur på fisketur og dei som hadde gått på fisketur gjekk fjelltur. Dei som gjekk fjelltur gjekk enten på Gullingen eller på Såto, der dei andre hadde gått dagen før. Seinare på dagen, når alle hadde fiska og gått fjelltur, drog me på bekkevandring. Då var nesten alle allerede så våte at dei ikkje brydde seg om dei blei meir våte, så då bada me i ein elv. Det trur eg alle syntes var veldig kjekt. På kvleden var det disco for dei som ville. Då var det discokule og musikk.

Fredag:
Fredag er siste dagen på leiren for Ølen og Skjold. Derfor går dagen for det meste ut på å vaske, pakke og rydde. Dei fleste vil nok ikkje reise heim igjen fordi det har vert så kjekt. Tusen takk Gullingen leirskule, for alt det kjekke dere gjer for barn og unge på skulen.