
Leirvik skule med pangstart på skuleåret
august 31, 2018
Regn, regn og atter regn!
september 14, 2018
Ei flott veke på alle måter er snart historie her på leirskulen. 56 elevar frå 7. trinnet på Langeland skule, Stord, har hatt ei varm veke no i starten av september, Dei har prøvd det meste, mange har bada i seinsommar-vêret først i veka, og dei har opplevd og lært ein masse om natur og friluftsliv.
Under finn du mange flott bilde med smilande elevar og elevane sin eigen logg frå veka. God helg!
Elevlogg for Langeland skule:
Måndag : Først såg me romma våre og pakka litt ut, så gjorde me oss klare for ein bli kjend tur. På turen gjekk me rundt i skogen, i skogen fekk høyra forteljingar, på slutten av turen enda me med eit vatn, der nokre av oss bada i det iskalde vatnet.
Tysdag : Me stod opp, fant oss mat og gjorde oss klare for tur. På turen skulle me bli dela inn i grupper, den eine gruppa skulle med vatnet å padla og ro, den andre gruppa skulle i skogen og læra om sopp og laga kolstiftar. Kiosken opna og me kosa oss.
Onsdag : Me bytta grupper denne dagen. Dei som var på vatnet var i skogen, og dei som var i skogen var på vatnet. Då me kom heim, fekk me god laks til middag og leika og hadde det kjekt resten av dagen.
Torsdag : Me våkna opp og dei fleste var trøtte. Etter frukost gjekk me i klasserommet, og der kunne me velga imellom tre turar. Turane var enten ein to-toppstur, ein fisketur eller ein kosetur. Det var mykje ver med regn og vind, men til slutt var det verdt det, fordi me var på bekkevandring.
Kiosken opna igjen, og me kosa oss på disco.
Fredag : Då me våkna, åt me frukost og så byrja me å pakka, for det var siste dagen på leirskulen.
Me hadde ei skikkeleg SUPERVEKE!





























































































