Knallflott veke med Leirvik-elevar

Fantastisk veke med sjuandeklassingar frå Hystad og Rommetveit
september 3, 2021
Herlege dagar til fjells med Langeland skule, 7. kl
september 17, 2021

Nok ei veke er snart historie i denne hausten. Vêret er stadig nærare sommar enn haust, sjølv om me endeleg fekk litt drypp av regn på tysdag 🙂 Nesten vindstille, meir og meir sol utover veka, og fantastisk vêr onsdag ettermiddag og torsdag ga flotte rammer for 7. klassingane frå Leirvik skule 🙂 Dei blei berre betre og betre utover veka, og på torsdag var over halvparten på toppen av sjølvaste GULLINGEN! På leirskulen seier me at det berre er ein plass som er Gullingen og det er Nuten, med stor N. No på fredagen fekk elevane også vist at dei hadde lært ein masse gjennom veka 🙂 Takk for «lånet» av flotte elevar.

Under finn du elevane sin eigen historie om veka, saman med masse flotte bilder frå turane i fjellskogen, på Mosvatnet og på fjellturane 🙂

God helg, og Ta gjerne turen UT !

 

Logg for veke 36-21, Leirvik skule 7.trinn

Måndag:
Etter å ha kjørt buss i to og en halv time, var me endeleg framme på Gullingen leirskule. Me fekk litt tid til å komma til rette på romma våre, og såg oss rundt på plassen. Me blei delt opp i tre grupper og blei kjent med området rundt leirskulen. Dei som ville fekk moglegheita til å bada og fiska ved Mosvatnet. Då me kom heim, fekk me lapskaus til middag.

Tysdag:
Me blei delt inn i fire grupper. Gruppe ein og to var på Mosvatnet og padla i kano og rodde i robåt. Me trakk garn og sløya fisk. Gruppe tre og fire var i bjørkeskogen og teikna med kolstift og grilla pinnebrød. Då me kom tilbake, åt me taco, og etter middag fekk me vår første tur i kiosken. Dei fra A og B klassen som ønska å sova i bålstova, fekk lov til da den kvelden.

Onsdag:
På onsdag bytta me grupper slik at dei som var på vatnet gjekk tur i skogen og omvendt. Til middag hadde me kjøttkaker. Me hadde litt fritid før da blei landslagskamp, då var det moglegheit for å sjå kampen i A og B fløyen si stova. Denne kvelden var det dei fra C klassen sin tur til å sova i bålstova.

Torsdag:
På morgonsamlinga så kunne me velja mellom fire turar med forskjellige vanskegradar. Toppturen til Gullingen var den mest krevjande turen, to-topptur til Såta og Uranuten var neste, så kunne ein gå på fisketur til Svartavatnet, den minst krevjande turen gjekk til Uranuten. Alle turane enda med bekkevandring, som dei fleste synest var veldig kjekt. På kvelden hadde me diskotek i samlingsrommet. Alle koste seg heile kvelden.

Fredag:
Fredag morning gjorde alle seg klare til avreise. Tusen takk for ei fantastisk veka her på Gullingen leirskule. Dette har vore ei superveke for oss!

Hilsen alle oss på 7 trinn på Leirvik skule:)