Herlege dagar til fjells med Langeland skule, 7. kl

Knallflott veke med Leirvik-elevar
september 10, 2021
Frå sol til kuling og hagl med tøffe Sauda-elevar
september 24, 2021

Langeland skule, 7.kl har opplevd godt vær og mange flotte opplevingar på leirskulen denne veka.

Mandag:Me kom opp på leirskulen etter å ha vert i bussen i nesten 3 timer, og fekk veta kva rom, og kem me skulle vere på rom med. Litt etter at me hadde pakka ut og sett oss litt rundt, så gjekk me til matsalen og begynte å spisa middag. Me var også på ein liten tur.

Tirsdag:Då me sto opp, så gjorde me oss klar til frokost. Og etterpå så var me nede i klasserommet og fekk veta litt om dagen, og kva me trengte til tur. Me blei delt opp i 4 grupper, 2 i ro-båt og kano, og 2 på tur. Etter turen så gjekk me og spiste middag, og fekk litt fri tid, eller kjøpe noko i kiosken. Men etter kvelds så var det jentene som fekk lov å sove i bål-ståvo vist dei ville.

Onsdag:Denne dagen så spiste me frokost og gjekk ned til klasserommet, så bytta me med at dei som var i ro-båt / kano, gjekk på tur og dei som var på tur var i ro-båt/ kano. Då me kom tilbake så spiste me middag, og kvelds. Så fekk guttane lov til å sove i bål-ståvo etter kvelds om dei ville.

Torsdag :Denne dagen så fekk me velga kva slags type tur me ville gå på nede i klasserommet etter me hadde spist frokosten. Og me kunne velge mellom 4 turer, bare at det blei 3 turer, fordi det var nesten ingen som ville gå på tur 4. Men alle turane slutta med at me var og bekke-vandra. Me var kjempe våte, så me måtte henge opp kledene, og spise middag. Og etter middagen så fekk me gå i kiosken. Men etter kveldsen så fekk me sjå film, eller vere på diskoteket.

Fredag: Etter at me var og spiste frokost, så måtte me pakka og gjøre oss klar til å reise heim fra gullingen..Takk for flotte opplevingar på Gullingen leirskule.