Fantastisk veke med sjuandeklassingar frå Hystad og Rommetveit

Sol – Sommar og Super-veke på Gullingen
august 27, 2021
Knallflott veke med Leirvik-elevar
september 10, 2021

Mandag:
Me satt i bussen, og alle var spente. Når me kom fram til leirskulen, møtte me nokon av dei som jobbar her, og blei delt inn i forskjellege fløyar. Me pakka ut, og samla oss i allrommet/peisestova. Etter det gjekk me på tur i nærområdet, og dei som ville bada kunne det. Til middag fekk me lapskaus og is til dessert. Så hadde me fri fram til kveldsmat.

Tirsdag:
Når me vakna på tirsdagen, gjekk me på morgonmøte og blei delt inn i grupper til turen den dagen. Nokon padla i kano og rodde i robåt, dei andre gjekk på tur i skogen. Dei som var i skogen fekk prøva å dytta ein stor stein ned frå eit fjell, og dei laga kullstiftar som dei tegna med.
Til middag fekk me taco, og kiosken var open og me kjøpte godteri og chips. Rommetveit fekk sova i bålstova. Dei fleste sov der heile natta, men nokon fekk ikkje sova og gjekk ned til leirskulen igjen.

Onsdag:
På onsdag fekk me velga mellom tre turar, me kunne velga mellom ein lang tur, ein fisketur, og ein kort tur. Til middag fekk me kjøttkaker i brun saus og grønnsaker. Til dessert fekk me sjokolade mousse. Jentene frå Hystad fekk sova i bålstova.

Torsdag:
På torsdag fekk dei som var i skogen på tirsdag, padla i kano og ro i robåt, og omvendt. På slutten av turane var me på BEKKEVANDRING! Det var kjempekjekt, og me blei søkk blaute. Til middag fekk me ris og kylling og til dessert fekk me sjokoladekaka. På kvelden var det endeleg discotek. Dei fleste var med på det, men dei som heller ville sjå film fekk gjera det i allrommene. Gutane frå Hystad fekk sova i bålstova.

Fredag:
Då me vakna på fredag, begynte den store pakkedagen. Alle pakka tingene sine og drog dei med til parkeringsplassen. Me fekk delt ut arbeidsoppgaver. Nokon vaska, nokon rydda i allrommene, nokon rydda rommet, og nokon (me) skreiv logg.

Dette har vert ei kjekk veke, ei «super veke», så me takkar for oss!

Helsing Hystad og Rommetveit (: