Frå sol til kuling og hagl med tøffe Sauda-elevar

Herlege dagar til fjells med Langeland skule, 7. kl
september 17, 2021
Flotte dagar med åttande trinn frå Vikedal skule
september 30, 2021

I denne veka kom den første hauststormen, men det heftige vêret varte kun kort tid. Det var ingen problem for dei spreke og positive 7. klassingane frå Risvold, Fløgstad, Austarheim og Vanvik skular.

Dei var med på alt, og i all slags vêr, sjølv om nokon erfarte litt om at ull innerst og lue på, var tingen på torsdagen. På avreisedagen fekk dei også vist at dei hadde lært ein masse i løpet av den eine leirskule-veka dei får i løpet av grunnskulen. Mange uttalte at dette var den kjekkaste veka dei nokonsinne hadde hatt.
Me takkar for «lånet» av flotte elevar, og ønskjer alle ein god helg!

Under finn du fleire bilde frå veka, og elevane sin eigen logg.

Logg for Risvoll, Fløgstad, Austarheim og Vanvik skular, 7. trinn, veke 38-21

Mandag:
På mandag kjørte me buss til Gullingen leirskule. Me pakka ut, og gjekk på ein liten bli kjent tur. Då kunne me bade i Mosvatnet viss me ville. Me hadde pølse-lapskaus til middag, og is til dessert.

Tirsdag:
På tirsdag blei me delt inn i tre grupper. To av gruppene var med Mosvatnet. Der padla vi i kano, og rodde i robåt, og drog opp garn. Den andre gruppa var i skogen. Me hadde bål, og gruppa i skogen hadde pinnebrød. Me hadde taco til middag, og kiosk til dessert.

Onsdag:
På onsdag bytta me økosystem. De gruppene som var med vatnet dagen før, gjekk tur i skogen. Den andre gruppa var med vatnet. I skogen hadde me orientering-bingo, det var gøy. Me hadde kjøttkaker til middag, og gele til dessert.

Torsdag:
På torsdag blei me delt inn i tre nye grupper. To av gruppene gjekk ein litt lengre tur til Uranuten, den andre gruppa gjekk ein litt kortare tur. Me grilla bål, og gjekk bekkevandring. Egentlig kunne me velge kvifor ein tur me ville på, men så blei det veldig masse vind og regn. Så lærerane valgte kor me skulle gå, og kvifor ei gruppe me sku på. Me hadde kyllingryte og sjokolade mousse til dessert. Me hadde kiosk, disco, brettspill og filmkveld den siste kvelden.

Fredag:
På fredag måtte alle pakke, reise og gjøre oppgåver. Me reiste her ifrå ca klokka 11. Eg trur alle har hatt ei super veke.

TAKK FOR ALLE DE KJEKKE OPPLEVELSANE !