Flotte dagar med åttande trinn frå Vikedal skule

Frå sol til kuling og hagl med tøffe Sauda-elevar
september 24, 2021
Topp leirskuleveke for elevane frå Haga skole
oktober 1, 2021

Då me kom fram på måndagen så blei me godt tatt imot. Me fekk vite romma våre, så gjekk me inn i fellestova og fekk info om kva vi skulle gjere i tiden vi var på leirskulen. Så gjekk vi på ein liten tur i skogen der vi lærte om planter, trær og insekt. Då me kom tilbake frå turen så fekk vi lapskaus til middag etter det fekk vi kvelden til og slappe av og kose oss.

På tysdagen var det morgonsamling der me fekk vite at me skulle på tur i kano og robåt. Me delte oss i A og B klasse, og A klassen starta med kano og B klassen starta med robåt. Etter at me hadde vore uti ein stund var det på tide å trekke fiskegarn, og til saman fekk me 34 fisk. Me sløyde fisken som me fekk og etterpå grilla og åt me fisken. Då me kom til leiren igjen fekk me taco til middag og på kvelden så gjekk elevane som ville sove i bålstova opp der.

På onsdagen var det morgonsamling og me fekk vite at me skulle på skogstur og elvevandring. På skogsturen hadde me også bingo-orientering. Me gjekk i A og B klasse og gjorde forskjellige aktivitetar og fekk lære mykje om planter og dyr. Me fekk også prøve oss på og lage bål og buldre. Me gjekk ned til elva, og alle som ville kunne vandre opp elven. Me kunne også  hoppe i kulp.

På torsdagen så pakka me ut og gjorde oss klar til å reise. Me fekk utdelt forskjellige oppgåver som me skulle gjere før me reiste.