Frå regn til sol med 8. kl. elevar frå Ølen og Skjold

Topp leirskuleveke for elevane frå Haga skole
oktober 1, 2021
Stangeland skole 7. trinn har storkosa seg i mykje vær og vind på Gullingen leirskule
oktober 22, 2021
Topp leirskuleveke for elevane frå Haga skole
oktober 1, 2021
Stangeland skole 7. trinn har storkosa seg i mykje vær og vind på Gullingen leirskule
oktober 22, 2021

8.klassingane frå Skjold skule og Ølen skule har vore på Gullingen leirskule denne veka. Dei har vore ilag på tur måndag, og hatt kveldar og fritid ilag. I loggen frå veka skriv elevane kva dei to skulane har opplevd:

ELEVLOGG VEKE 40-21

SKJOLD SKULE 8.trinn

Måndag: Når me kom var me først på rommet og fann sengene våre. Så fann me nista vår og åt den i peisestova. Etter det gjekk me inn i klasserommet og fekk vite litt om kva me skulle etterpå. Så gjekk me inn og bytta klede før me gjekk ut på ein liten tur i små grupper blanda med Ølen skule. Etter de fekk me lapskaus til middag og hadde ein roleg kveld.

Tysdag: Me starta dagen med å ete frokost så gjekk me ned på morgonmøte å fekk vita kva me skulle gjere denne dagen. Så gjekk me å bytta klede før me for ut på vatnet i tre forskjellige grupper. Då rodde me i robåt, padla kano og sløya fisk og grilla den. Så gjekk me tilbake til leirskulen og åt taco. Og etter det hadde me ein frikveld etter fotballkampen mot Ølen.

Onsdag: Først gjekk me til frokosten, og så ned på morgonmøte. Då fekk me vita at me skulle på tur i skogen og på bekkevandring med dei same gruppene som dagen før. Så skifta me klede og var ute og gjekk tur, grilla bål og på bålet fekk me pinnebrød. Me lagde også kullstifter på bålet som me teikna med  på ark og i fjeset. Etterpå gjekk me på bekkevandring det var veldig kjekt, men litt kaldt og. Så gjekk me inn og fekk bytta til tørre klede. Så var det kjøttkaker og sjokolademoussè. Etter det var det quiz inne i peisestova, før disco med Ølen.

Torsdag: I dag var det mange trøtte som kom til frokosten. Etter det var det rydding, og alle fekk delt ut eigne arbeidsoppgåver. Til slutt var det avslutningssamling der me fekk sjå mange kule bilete frå veka. Så var det motvillig heimreise.

ØLEN SKULE, 8. trinn

Måndag: Me blei godt tatt imot av Kjersti då me ankom leirskulen. Me blei plassert på romma og gjorde oss klar for veka. Me blei delt inn i grupper blanda med Skjold. Me gjekk ein kort tur i området og blei fortalt historier om stedet. Me hadde moglegheit til å bade.  Det frista ikkje for dei fleste, men det var nokon tøffingar som gjorde det. Til middag fekk me lapskaus og is til dessert. På kvelden slappa me av på romma våre.

Tysdag: Me vakna opp til ein god frukost, deretter gjekk me til morgonsamling der me fekk vita kva dagen skulle bringe. Me var dei heldige som fekk begynne å gå i skogen, på turen stoppa me mykje opp der me blei fortalt om skog, planter og historie. Gutane og jentene hadde konkurranse om kven som greidde å fyre bål på minst fyrstikker. Jentene vant overlegent:) Me grilla osteskive og pinnebrød. Etter bålet hadde slukka tok me kull i fjeset. På slutten hadde me bingoorientering. Me avslutta kvelden med ein fotballkamp mellom Skjold og Ølen.

Onsdag: I dag var det vår tur til å være på vannet. Me padla kano og rodde båt, det var to gøye aktivitetar. Me trakk garn og sløya fisk, me fekk 13 fisk. Me grilla dei og spiste dei etterpå, alle var tøffe og tok på fiskane. Deretter gjekk me på bekkevandring, det var ikkje alle som var med på det. Det var veldig gøy, det var mange som hoppa ned i kulpen. Me avslutta dagen kliss våte, og gjekk tilbake på leirskulen der me tok ein varm dusj. På kvelden hadde me disko ilag med Skjold.

Torsdag: Idag var det avreisedag. Me fekk ein god frukost. Me rydda og vaska heile C-fløyen. Me fekk sjå bilder etter oppholdet på leirskulen. Deretter var det dessverre heimreise. Me har hatt eit kjempe fint opphold på leirskulen. Det er eit minne for livet. Takk for at me fekk komme Gullingen. 🙂